Dåp

Dåpsdagen er ei markering og feiring av barnet som er født, men han er òg noko meir. Dåp er eitt av dei to sakramenta i kyrkja. Det er ei heilag handling kyrkja utfører på oppdrag frå Jesus.

Mange kjensler fyller oss når vi står med eit lite barn i armane våre. Vi kjenner på glede, undring og takk. Dåp er ein gammal tradisjon i landet vårt. Når du døyper barnet ditt, legg du det i Guds vernande hender. Det blir Guds barn og medlem av Den norske kyrkja. Hjarteleg velkomen til i dåp i ei av kyrkjene våre!

Om registrering av dåp:

1. Vi rår til at de døyper barnet i den kyrkjelyden der de bur. Her vil barnet i åra som kjem, få invitasjon til å ta del i dei lokale trusopplæringstilboda i kyrkjelyden.   2.

Ønskjer de å døypa barnet i ei kyrkje som ligg utanfor Bergen kommune, må de ta kontakt med servicekontoret til kyrkja i Bergen, Kirketorget, på tlf. 55 59 32 10.

3. Fadrane må vera medlemmar i Den norske kyrkja eller ei kyrkje som praktiserer barnedåp, og ha fylt 15 år.

I kyrkjene i Bergen er dåp dei aller fleste søndagar ein del av gudstenesta.

Nedanfor finn du påmeldingsskjema til dåp, meir informasjon om dåpshandlinga, praktiske førebuingar og det å vera fadder.

Har du praktiske spørsmål om dåp i kyrkja i Bergen, kontakt Kirketorget som organiserer det administrative i samband med dåp, tlf: 55 59 32 10.