Kven kan bli døypt?

I Den norske kyrkja blir dei fleste døypte når dei er små, ofte i løpet av dei første tre månadene. Det er inga aldersgrense for dåp, og  konfirmasjonstida fører kvart år til at mange unge ønskjer dåp. Viss du er vaksen og ønskjer å bli døypt, kan det vera aktuelt med ei kort opplæring i den kristne trua før dåpen (sidan du då ikkje har fått med deg opplæringa i samband med konfirmasjonen). Ved dåpen blir ein medlem i Den norske kyrkja.

Etterfølgjarane til Jesus fekk i oppdrag å døypa og læra dei alt som Jesus hadde sagt dei. Sidan kyrkja vår døyper born, er det viktig at barnet får opplæring i kristen tru. Ved dåpen seier presten blant anna dette til foreldre og fadrar: 

Saman med kyrkjelyden vår og heile kyrkja får de del i eit heilagt ansvar: å visa omsorg for henne/han/dei, be for henne/han/dei, læra henne/han/dei sjølv(e) å be og hjelpa henne/han/dei til å bruka Guds ord og delta i den heialge nattverden, så ho/han/dei kan leve og vekse i den kristne trua.

Kyrkjelydane har tilbod om trusopplæring for alle døypte.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"