Praktiske førebuingar

Nyttige tips når de planlegg dåp.

Etter at det er avtala dåp i kyrkja, tek presten eller ein annen tilsett kontakt for å avtala dåpssamtale, eller de får tildelt eit tidspunkt frå kyrkjetorget. I dåpssamtalen går me gjennom kva dåp er, og praktiske opplysningar knytte til gudstenesta og dåpshandlinga.

Begynn planlegginga av det praktiske i god tid slik at alle får like stor glede av dåpsdagen. Kanskje det er mogleg å be familie eller venner om hjelp til servering og rydding?

Bli einige om val av dåpskjole, kven som skal bera og kven som eventuelt skal ta av dåpslua. Og har de ikkje ein dåpskjole, blir barnet like godt døypt i andre klede! Det same gjeld lua.

Tenk gjennom kva de vil snakka med presten om før dåpssamtalen. Ønskjer de ein spesiell salme, eller vil nokon i familien lesa dåpstekstane frå Bibelen? I Ytre Arna kyrkje går det greitt å ta bilete eller filma under dåpen. Viss de skal døypa barnet i ei anna kyrkje, kan det vera lurt å snakka med presten der på førehand korleis reglane er der.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"