Etter konfirmasjonen

Det finst mange tilbod til unge i kyrkja og i organisasjonar som driv kristent ungdomsarbeid. Det kan vera kor, klubb, ungdomslag, speiding eller andre aktivitetar.

Etter konfirmasjonen

I Ytre Arna har me for tida ikkje nokon eigen aktivitet eller gruppe særskilt for ungdom 15. år og oppover. Men du kan delta som hjelpeleiar i konfirmantarbeidet eller på trusopplæringstiltak som t.d. Lys Vaken. Du kan òg vera med og leia sundagsskulen, helst saman med ein erfaren leiar den første tida. Viss ei gruppe er interesserte i det, kan me laga til eit leiartreningskurs. Det kan òg vera aktuelt å senda nokon på kurs i andre kyrkjelydar.

Elles er du velkomen til å delta i gudstenestene. Her kan du òg om du vil, få oppgåver som kyrkjevert, tekstlesar osv. Kanskje har du idear sjølv?

Og viss de er ei nokre ungdomar som finn ut at de saman ønskjer å starta opp ei eiga ungdomsgruppe/ungdomsklubb, eller kanskje eigne ungdomsgudstenester, så vil kyrkjelyden gjera det me kan for å støtta og leggja til rette for det.

Anten du tenkjer å delta på den eine eller andre måten, er det berre å ta kontakt med Ingvar (presten) eller Marianne (trusopplærar) eller nokon andre av konfirmantleiarane viss det er enklare.

Det er viktig at alle som høyrer til i kyrkjelyden, er med på å gje innspel til korleis arbeidet skal drivast. Du kan vera med på å bidra med dette når du er med i fellesskapet. Når du fyller femten år, er du religiøst myndig. Då kan du blant anna bruka den kyrkjelege stemmeretten din ved kyrkjeval. Dette er éin av måtene du kan påverka det som skjer i kyrkja.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"