Festdagen

Den gode festen handlar minst om pengar, og mest om familie og venner. Ein fest i stova heime med oppleving av samhald og tryggleik er ikkje dårlegere enn full pakke på eit hotell.

Konfirmanter går på rekke i en kirke med rose i hånda.

Har de gode tradisjonar på songer og leiker, så bruk dei. Spør konfirmanten om det er songer dei har lært i konfirmantåret, som kan brukast på eit songark.

Har de gode historier og minne, så hent dei fram. Er det nokon i familien som kan laga ein biletpresentasjon (film/lysbilete/video/power-point), så legg litt arbeid i ein ”passeleg lang” kavalkade. Det er ikkje sikkert konfirmanten jublar uhemma over dette, men det handlar om røter og om å høyra til. At nokre nære personar bekreftar konfirmanten for den han/ho er. Deler nokre gode opplevingar som de har hatt saman og i direkte tale esier: ”Vi høyrer saman!”

La ikkje konfirmasjonsfesten passera uten at konfirmanten har fått merksemd gjennom talar, songar og salmar Det treng ikkje vera så avansert, berre det er ekte og personleg. (Kjelde: Boka ”Liv laga”, Ingvald Andersen Frøyen, IKO-Forlaget).

Det er flott å syngja saman. Alvorlege songar. Morosame songar. Songar som vi har brukt før nett i vår familie. Kanskje nokre av songane eller salmane konfirmanten har lært i konfirmantåret.

Kanskje ein song dikta til konfirmanten med litt dårlig rim, men likevel: en personlig hilsen. Det at ungdomane ikkje syng med av full hals, vil ikkje seia at dei synest dette er teit. Tvert imot blir nok mange skuffa viss dei oppdagar at songane ikkje er med.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"