Ta kontakt så ser me saman på kva tilpassingar som trengst, anten me snakkar om fysisk, psykisk eller sosial funksjonshemming. I prostiet vårt er det eit kjempefint opplegg for ungdom med psykisk funksjonshemming i Åsane kirke. Dette kan du lesa om i Kyrkjelydsbladet nr. 3/2021, side 8-9. Dette finn du digitalt her på nettsida (høgre boksen under hovudbiletet på nettsida vår). Døvekirken har òg eit eige konfirmanttilbod. Viss ungdomen heller vil vera med på konfirmantarbeidet hjå oss i Ytre Arna, snakkar me saman og gjer så godt me kan.
Tilrettelagd konfirmasjonstid
Ungdom med spesielle behov på grunn av fysisk, psykisk eller sosial funksjonshemming har krav på spesiell tilrettelegging av konfirmasjonstida i den lokale kyrkjelyden.