Autunnale for heile Bjørgvin!

Kjetil Almenning lovar store kulturopplevingar på Bergens kirkemusikkfestival som startar denne veka. Han ønsker at kyrkjene skal vere ei scene for det uventa. - Vi står med ein trygg fot i tradisjonen, og ein fot i det frie, modige og kanskje nesten provoserande.

Festivalsjef og domkantor Kjetil Almenning ønsker at autunnalen skal romme både det uventa og det meir forutsigbare.

Festivalsjef Kjetil Almenning starta Bergen kirkeautunnale i 2012, nokre få år etter at han byrja som domkantor i Bergen. Han meinte det var naturleg med ein slik festival i landets nest største by. Den spring ut av Bergen domkirke menighet, men tilhøyrer heile bispedømet. Autunnalen har alt frå heilt ny, smal musikk, til store romantiske verk med orkester, via barneforestillinger, dans og teater. 

- Eg trur det er ein styrke at festivalen klarer å vere så fri at den famner og spegler noko av den kyrkjekulturelle breidden som skjer over heile landet. Vi skal prøve å løfte fram det aller beste av den, ikkje berre innanfor eit snevert felt, men innanfor heile breidden. 

- Kva ønsker du med festivalen? 

- Vi vil stå med ein trygg fot i tradisjonen og forvalte den arven vi ber på, og vise den fram på best mulig måte. Og så skal vi på på den andre foten vere heilt frie, modige, progressive, nysgjerrige og kanskje nesten provoserande av og til. Vi er i skjæringspunktet mellom det som høyrer til i kyrkja og den heilt nye musikken som aldri har blitt høyrt før, dels fordi den er nyskapt via improvisasjon, eller nyskriven musikk. 

- Har du eit spesielt festivalminne du vil trekke fram? 

- Hm, det er mange! Eg kjem på nokre gangar domkyrkja har vore full av eit litt anna publikum; t.d. då Real Ones spelte si Missa Criolla av Ariel Ramirez. Dei hadde plateslepp i domkyrkja, og det var stappfullt av eit publikum som fekk servert kyrkjemusikk på ein heilt annan måte av ein herlig gjeng som gjorde det på sin måte.  

Og så var det Julian Misic med Engelens dagbok, der både Årstad kantori og Bergen domkirkes jentekor var med, i tillegg til eit samansett band med Julian i front. Bygd på tradisjon, på folketonar, men med hans nye tekst og musikk. Er det kyrkjemusikk? Er det ikkje kyrkjemusikk? 

- Kor går grensa for kva som er kyrkjemusikk, meiner du? 

- For meg er det veldig ope. For andre er det ikkje fullt så ope. Det er ein balanse eg sjølvsagt er medviten og lyttande til. Eg meiner våre middelalderkatedralar kan romme så mykje forskjellig utan at det blir provokativt. Det handlar om forventningar. Spesielt inn i festivalforma skapar vi oss ein arena der katedralen kan få vere scene også for det uventa. Både for det meir forventa og det uforutsigbare. Det er det eg håpar folk synes autunnalen er.  

Kva betyr musikk for deg? 

- Eg ser ikkje for meg eit liv utan musikk. Det er også deilig med stillhet av og til – eg går ikkje alltid til Ulriken med headset.   
 
Når musikken blir jobb, så gjer det litt med perspektivet. Eg høyrer t.d. veldig lite på kormusikk heime, men går gjerne på ein korkonsert og kan ha stor glede av det. Det er kanskje ei lita sorg også når faget tar heilt over, og eg alltid er på jakt etter kva som kan bli betre. Så i staden for å lytte naivt og heilt ope etter det vakre, så kan øyrene mine finne på å leite etter det som skal forbetrast. Det er ein prosess som er heilt naudsynt som kunstnarleg ansvarlig for ein produksjon som skal løfte seg, men så står den somme gonger i vegen for den frie lyttinga. 

- Du er ein klassisk skulert type, med master i kyrkjemusikk, ein prisvinnande kammerkor-dirigent som syng og speler salmer. Har du ei hemmeleg side som er litt meir folkeleg? 

- Tja. Eg høyrer meir pop enn folk kanskje trur. Det er deilig å høyre på musikk som er superbra produsert og nesten plettfri. Ikkje fordi det perfekte er det einaste riktige, men fordi det då er berre innanfor eit felt som ikkje er mitt. 

Almenning trekk fram artister som Emilie Nicolas, Ine Hoem og Ellen Andrea Wang som han liker godt.  

- Det er ein nærhet, frihet og ein ekthet i det som eg lar meg inspirere av. Og som eg på eit vis gjerne skulle vore ein del av. Det er ein hemmeleg draum som eg levde litt meir ut då eg var ungdom. Men eg driv med noko eg er god på og som passar meg bra. Men det er alltid lov å leike med tanken! 

- Nytt av året er festivalpodcast. Kan du fortelle litt om det? 

- I Autunnalepodden får vi endelig mulighet til å prate med artistar og andre medverkande på festivalen - om prosessar, idear, kunst og innhald. Vi gledar oss til mange spennande samtaler! Dei fyrste episodane er allereie ute, ein finn dei på heimesida vår, og rundt omkring der ein ellers finn podcaster. 

- Kvifor bør folk komme på autunnalen i år? 

- Fordi ALT kjem til å bli fint! Eg er så stolt og glad over årets program. Alt vil ikkje treffe alle. Men noko kjem til å treffe veldig mange. Det er ikkje nødvendigvis alt publikum kjem til å vete kva dei går til. Men då oppfordrar eg dei til å vere nysgjerrig på nye lytteopplevingar, open for kva som kan oppstå i møte mellom rom og artist, og i møte mellom artist og publikum. Vi har veldig fine musikarar med oss som evner å opne opp desse romma slik at vi som publikum berre kan ta i mot.  

Vi tør love store opplevingar!  

Les meir og høyr autunnalepodcastane på autunnale.no

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"