Fredsbøn i Bergen domkyrkje fredager kl. 13.00
– Vi lever i ei urolig tid, der usikkerhet og redsle er blitt ein del av vår kvardag. Det trur eg er noko vi må leve med ei stund, fordi det er uro i Europa og Midtausten. I ein slik situasjon er det å vere saman, tenne lys og be ei bøn kjempeviktig. Vi markerer at kyrkja er bygd på ein fredsbodskap, seier domprost Gudmund Waaler i Bergen.
Han seier at han kjenner på ei djup uro over situasjonen i verda.
Kvar veke fram til påske vil domkyrkjer over heile landet invitere til å komme saman for å finne ro, for å tenne lys og for å be ei bøn for fred, etter initiativ frå domprost i Oslo Pål Kristian Balstad.
I Bergen domkyrkje blir det kvardagsmesse med fredsbøn kvar fredag klokka 13. Alle er velkome dit. Sokneprest i Bergen domkyrkje, Hans Jørgen Morvik, rosar initiativet med ei felles fredsbøn over heile landet.
- Vi er med – både fordi det er eit felles prosjekt som vi støttar, og fordi vi gjennom medlemskapet i Community of the Cross of Nails har eit spesielt ansvar for å be om fred og forsoning.
Community of the Cross of Nails er eit verdsvidt nettverk for kyrkjer frå Coventry i Storbritannia, og Bergen domkyrkje er einaste kyrkje i Norden som er med.
- Frå før av les vi forsoningslitaniet fra Coventry kvar fredag på vår faste kvardagsmesse kl. 13.00 i Skrudhuset. No i fastetida vil vi integrere fredsbøna i denne messa, fortel soknepresten.
Finn oversikt over dei ulike arrangementa på skjerikirken.no.