Ber for fred kvar veke: – Kjenner på uro

Alle landets domkyrkjer inviterer til fredsbøn kvar veke fram til påske. I Bergen domkyrkje er det kvardagsmesse med fredsbøn fredager kl. 13.00. Velkommen!

Domkirken inviterer til fredsbøn kvar fredag i Skrudhuset. Foto: Jens Meyer

Fredsbøn i Bergen domkyrkje fredager kl. 13.00

– Vi lever i ei urolig tid, der usikkerhet og redsle er blitt ein del av vår kvardag. Det trur eg er noko vi må leve med ei stund, fordi det er uro i Europa og Midtausten. I ein slik situasjon er det å vere saman, tenne lys og be ei bøn kjempeviktig. Vi markerer at kyrkja er bygd på ein fredsbodskap, seier domprost Gudmund Waaler i Bergen. 

Han seier at han kjenner på ei djup uro over situasjonen i verda.

Kvar veke fram til påske vil domkyrkjer over heile landet invitere til å komme saman for å finne ro, for å tenne lys og for å be ei bøn for fred, etter initiativ frå domprost i Oslo Pål Kristian Balstad. 

I Bergen domkyrkje blir det kvardagsmesse med fredsbøn kvar fredag klokka 13. Alle er velkome dit.  Sokneprest i Bergen domkyrkje, Hans Jørgen Morvik, rosar initiativet med ei felles fredsbøn over heile landet. 

- Vi er med – både fordi det er eit felles prosjekt som vi støttar, og fordi vi gjennom medlemskapet i Community of the Cross of Nails har eit spesielt ansvar for å be om fred og forsoning. 

Community of the Cross of Nails er eit verdsvidt nettverk for kyrkjer frå Coventry i Storbritannia, og Bergen domkyrkje er einaste kyrkje i Norden som er med.

- Frå før av les vi forsoningslitaniet fra Coventry kvar fredag på vår faste kvardagsmesse kl. 13.00 i Skrudhuset. No i fastetida vil vi integrere fredsbøna i denne messa, fortel soknepresten.

Finn oversikt over dei ulike arrangementa på skjerikirken.no.  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"