Målekurs for flyktningar

Flyktningediakon og bildeterapeut Gro Fyllingsnes inviterer ukrainarar på målekurs. - Godt å få møte andre og stresse ned med måling, seier kursdeltakarane.

Kvar tirsdag og onsdag er det målekurs for ukrainarar i Fyllingsdalen, der kommunen har etablert ein samlingsstad i samarbeid med Den ukrainske forening i Bergen og Hordaland. Her fins informasjon, og det arrangeres aktivitetar for vaksne og barn.  

Måler for å uttrykkje kjensler 

Fyllingsnes er både kunstnar, bildeterapeut og flyktningediakon, og ønska å starte eit arbeid for flyktningar som ikkje så mange andre dreiv med.  

- Kommunen oppfordra oss til å finne vårt særpreg. Eg har jobba mykje med måling, som kan vere ein god reiskap når ein har opplevd vanskelige ting. Både det å få kvile i noko, men og å få uttrykkje kjensler. Eg har stor tru på at dette kan vere ein god aktivitet for flyktningane. 

Fyllingsnes viser biletet som ei av deltakarane, Yaroslava, har måla, av ei kvinne med eit barn, begge kledd i ukrainske fargar. Dei bruker det norske flagget som skjold, ein beskyttelse mot granatane.  

- Kvinna hadde eit lite barn med seg til Noreg, og har no flytta til austlandet. Ho visste kva ho skulle måle når ho kom hit. Ho sa: “Eg må gjere noko med kjenslene mine, slik at ikkje kjenslene gjer noko med meg”, fortel flyktningediakonen. 

Mange er redde 

Lisa er med som tolk og medhjelpar. Ho er også kunstlærar i heimlandet, og saman med Gro lærer dei bort kunstfaglege termer på norsk.  

Målegruppa held på med forskjellige oppgåver, mellom anna eit stort felles måleri av den ukrainske kunstnaren Eugenia Gapchinska. Alle kopierer kvar sin lille bit, som skal settast saman til eit stort bilete. 

- Det er godt å ha ein stad å halde på med noko anna enn å sjekke mobilen og vente på nyhende heimefrå. Mange er veldig redde for familie og vener i Ukraina, fortel Gro.  

Ei av flyktningane er Elena. Ho kom til Noreg frå Kyiv for to månader sidan, saman med dottera på 17 år, som er universitetsstudent og har nettundervisning slik at ho kan gjere ferdig semesteret. Dei har no blitt busett av kommunen, etter å ha budd hos ein vertsfamilie i to månader. Ho fortel at det blir verre og verre i heimbyen, med fleire våpen og soldater i gatene. 

Elena set pris på å måle, og lagar eit bilete av eit tre som symboliserer livet.  

- Eg likar sjølve prosessen med å skape eit bilete. Røtene symboliserer fortida vår. Sjølve treet med greinene er notida, og blomane i treet symboliserer borna med ulike talenter og fargar. 

Positive kjensler på målekurs 

Ei av dei andre kvinnene på kurset er Tatiana, som bur på Hjellestad hos sonen. Ho var på besøk hos han i februar då krigen braut ut, og kunne ikkje reise heim igjen. Ho bur vest i Ukraina, i Ivano-Frankivsk. Ho er glad for tilbudet i Fyllingsdalen.  

- Eg kjenner på mykje stress, men får positive kjensler når eg kjem her. Det er godt å måle. Det betyr også mykje å møte andre ukrainarar.  

No ønsker ho å lære norsk. Ho er svært bekymra for foreldra, som er i 80-åra, og mottek meldingar med oppdatering med bombesignal frå Ukraina dagleg. 

Viktoria kom til Noreg frå Kharkiv i slutten av mars, saman med mora og ei dotter, medan faren og ein bror med familie er igjen i Ukraina. Ho er svært bekymra for dei, og har kontakt med dei dagleg. Ho fortel at byen blei bomba kvelden før. 

Det er 3. gang ho kjem på målekurset, og fortel at det er barndomsdraumen hennar å studere kunst. 

- Bestefaren min var ein veldig flink målar, og no har eg tid til å måle, seier Viktoria.  

Ta gjerne kontakt med flyktningediakonen

Kurset vil fortsette på ubestemt tid, og planen er å gje eit måletilbod også for barn i sommarferien. 

Ønsker du å komme i kontakt med flyktningediakon Gro Fyllingsnes, sjå kontaktinfo nederst på sida. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"