Kyrkje + kultur = sant

- Ei heilt naturleg samankobling mellom kulturen og kyrkja, seier skuespiller Ragnhild Gudbrandsen, som har turnert med stykket Babettes gjestebod i fleire år med kyrkjerommet som scene. Ho ynskjer det nystifta selskapet Kyrkjekultur Vest velkommen.

Skodespelar Ragnhild Gudbrandsen ønsker det nye selskapet Kyrkjekultur Vest velkommen.

Kyrkjekultur Vest blei stifta 10. November 2022 i St. Jørgen hospitalkyrkje. Selskapet har som formål å synleggjere og styrke den kyrkjelege kulturkompetansen i heile bispedøme, og å utvikle kyrkja som kulturaktør og kulturarena.  

Kultur utvider kyrkjerommet 

Kyrkjevergen ønsker at Kyrkjekultur Vest skal vere eit koblingspunkt mellom ulike aktørar.  

- Vi ønsker meir kultur, meir variasjon i uttrykka, og eg håpar på meir deling og samarbeid. Ein stad der ein får kunnskap og kobling mot andre, sa Svanes i si innleiing.   

Biskop Nordhaug trakk fram kva andre kulturutrykk kyrkjerommet kan vere med og opne opp for. 

- Det å få kultur inn i kyrkja, utvider kyrkjerommet. Også for oss som er mykje i kyrkja, så ligg det ei meiroppleving. Både musikken og konsertane med dei store kyrkjemusikalske verka, teater og tekstlesing, men også kunstutstillingar. Vi har nett hatt Håkon Gullvågs utstilling i domkyrkja. Eg synes det var fantastisk og ei veldig sterk forkynning. Slike opplevingar dreg fleire menneske til kyrkja. 

Naturleg veg inn i kyrkja 

Ei rekke eldsjeler har engasjert seg for etablering av et kyrkjeleg kultursenter på Vestlandet, mellom anna skodespelar Gudbrandsen og domkantor Kjetil Almenning. Gudbrandsen gjorde stor suksess med monologen Babettes gjestebod av Karen Blixen hausten 2018 og i 2019 på kyrkjeturne på Vestlandet. Det var eit samarbeid mellom Vestnorske teater og Bjørgvin bispedøme. Framsyninga vart også spelt under Olavfest 2019 i Trondheim. For skodespelaren var vegen inn i kyrkjerommet heilt naturleg.  

- Eg trur teateret saman med bispedømet kjente eit eigarskap til det; “Vi gjer det saman, vi inviterer saman”. Plutseleg var kyrkjene fulle, fordi vi fekk publikum frå kulturlivet som kanskje ikkje hadde vore så mykje i kyrkja, og omvendt. Det blei eit veldig flott fellesskap som fungerte veldig bra.  

Brubygging mellom kyrkje og kulturliv 

Domkantor Kjetil Almenning er oppteken av å bygge bruer mellom ulike kulturaktørar, og meiner Kyrkjekultur Vest har stort potensiale.  

- Det blir spennade å sjå kor vi er om ei lita stund. Utgangspunktet er å anerkjenne den krafta som allereie er her og bygge vidare på den. Det er mange som driv fantastisk arbeid, og dette kan vere ein døropnar, ein katalysator og ei bru, meiner Almenning.  

Han trekk fram at det er viktig å lytte til feltet. 

- Anerkjenninga av at det er 100 profesjonelle musikarar her i Bjørgvin som driv engasjert, hjarteleg, profesjonell musikk og kultur til glede for små og store lokalsamfunn, det er veldig viktig utgangspunkt for denne tenkinga. Alle desse skal bli styrka i sitt arbeid. 

- Det å kunne ha ein slags ressursplass der ein samarbeider om ulike prosjekt og knyt til seg ressursar, kan vere eit veldig bra vekstgrunnlag for vidare utvikling av kulturlivet generelt, legg Gudbrandsen til. 

 

Kva er Kyrkjekultur Vest?  

Kyrkjekultur Vest AS har som formål å synleggjere og styrke den kyrkjelege kulturkompetansen i heile bispedøme, og å utvikle kyrkja som kulturaktør og kulturarena.  

Hovudoppgåvene er:  

  • Vere eit nettverk for kompetansedeling  
  • Kyrkjeturnérådgjevar: Vidareformidle aktuelle produksjonar  
  • Etablere alliansar og samarbeid mellom kyrkje, kulturliv og andre samfunnsaktørar  
  • Vere ein ressurs for større utoverretta prosjekt i bispedømet  
  • Initiere tiltak for kulturfagleg kompetanseheving i møte mellom kunstnarar og kyrkjelydar  
  • Bidra til nye opplæringstilbod t.d. kyrkjelege kulturskuletilbod 

Kyrkjekultur Vest vert organisert som eit idéelt aksjeselskap med rom for fleire eigarar, t.d. fleire fellesråd og ymse kulturelle verksemder i heile bispedømet. 

Selskapet skal ikkje sjølv ha tilsette. Dagleg leiar vert tilsett og får kontorplass hjå ein av eigarane. Den tilsette skal ha god kjennskap til kyrkja sitt verdigrunnlag og til arbeid med kultur i kyrkja. 

Generalforsamlinga skal utpeike eit styre på fem personar innan 20.12.2022. 

Kyrkjerådet har tildelt kr 550 000 i etableringsmidlar og Bergen kirkelige fellesråd og Bjørgvin bispedøme bidreg kvar med driftsmidlar på 100 000 kr kvart år i etableringsåra 2023-2025. Årsbudsjettet for Kyrkjekultur Vest er på omlag 1,2 mill. Vestland fylkeskommune, Bergen kommune m.fl. vil bli inviterte med som bidragsytarar til verksemda. 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"