- Kyrkjebygga betyr noko for folk!

Bergen hadde ministerbesøk i dag, og BKF fekk vist Kjersti Toppe litt av arbeidet som blir gjort i kyrkjene i sentrum. Ho var opptatt av at kyrkjene er viktige bygg for veldig mange, og har med identitet og tilhørighet å gjere.

Leder for fellesrådet Ragnar Gjengedal, kirkeverge Mette Svanes, kirkebyggsjef Arne Tveit, statsråd Kjersti Toppe, prosjektsjef i Akasia Jan Helge Halleraker, stortingsrepresentant Ragnhild Male Hartviksen og Øystein Hauge frå Barne- og familiedepartementet.
Statsråd med ansvar for m.a. tru og livssyn, Kjersti Toppe (Sp) og stortingsrepresentant Ragnhild Male Hartviksen (Ap) besøkte Kirken i Bergen i dag, og fekk omvisning i fleire av sentrumskyrkjene. Det blei tid til omvisning i Gullvågutstillingen, deretter kvardagsmesse og utsikt frå Domkirkens tårn, ein tur til Nykirken og til slutt eit besøk til Kirkens bymisjon sitt diakonale arbeid i Korskirken.

Vil ha fortgang i vedlikehald og finansiering

Statsråden kom for å få meir kunnskap om kyrkjene i Bergen.
 
- Kyrkjevedlikehald er ei viktig politisk sak no når vi får meir statlige midlar til vedlikehald. Og eg oppfattar det slik at det er veldig mange som synes dette er ei god sak. Kyrkjebygga betyr noko for folk: identitet, tilhørighet og det er viktige kulturminne. Så når eg seier at "no skal vi få fortgang i vedlikehaldet og finansieringane av kyrkjene”, så er det ei skikkelig gladsak.
 

Kyrkja skaffar spesialkompetanse

Representanter frå Akasia og kirkebyggsjef Arne Tveit informerte om arbeidet som blir gjort i dei ulike kyrkjene. Toppe meiner det synleggjer behovet for meir finansiering.

- Det dei fortalte om korleis ein får kompetanse og korleis dei har organisert seg for å få folk som kan den kompetansen er nyttig å vite. Kor komplisert det er t.d. å skifte ut ein planke. Det er spesialkunnskap som ikkje kven som helst i utgangspunktet kan, sjølv om ein er tømrar. Så har ein jo synleggjort behovet for at ein treng meir finansiering. Det er framleis store utfordringar, sjølv om ting har blitt gjort.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"