Stifting av Kyrkjekultur Vest

Vi ønskjer velkomen til stiftinga av Kyrkjekultur Vest i St. Jørgen hospitalkyrkje torsdag 10. november kl. 16 -17. Biskop Halvor Nordhaug og kyrkjeverje i Bergen, Mette Svanes, vil representere stiftarane Bjørgvin bispedøme og Bergen kyrkjelege fellesråd.

Tid og stad: St. Jørgen hospitalkyrkje torsdag 10.11.22 kl 16 - 17.

Møtet vil vare ein time og inkludere kunstnarlege innslag, ein samtale om Kyrkjekultur Vest sin visjon og potensiale med nokon av pådrivarane for etableringa, skodespelar Ragnhild Gudbrandsen og leiar av Bjørgvin bispedøme sitt kyrkjemusikkutval og Bergen kirkeautunnale, domkantor Kjetil Almenning.

Det kan vere kaldt i kyrkja, ta på varme klær.

Til opning får du høyre Sunnivahymnen framførd av domkantor Kjetil Almenning og førsteamanuensis Alf Tore Hommedal.

Del av grunnkapitalen for stiftelsen St. Jørgens Hospital var om lag 200 gardsbruk som hadde høyrt til Selja kloster. Sta. Sunniva er patrona Norvegia, vernehelgen for Norge, for Bjørgvin bispedøme/Vestlandet og Bergen by.

Skodespelar Ragnhild Gudbrandsen les utdrag frå Babettes gjestebod til avslutning.

Om stiftinga:

Formål 

Kyrkjekultur Vest skal synleggjere og styrke Bjørgvin bispedøme sin kyrkjelege kulturkompetanse og utvikle kyrkja som kulturaktør og kulturarena.

Hovudoppgåver:

  1. Vere eit nettverk for kompetansedeling
  2. Kyrkjeturnérådgjevar: Vidareformidle aktuelle produksjonar
  3. Etablere alliansar og samarbeid mellom kyrkje, kulturliv og andre samfunnsaktørar
  4. Vere ein ressurs for større utoverretta prosjekt i bispedømet
  5. Initiere tiltak for kulturfagleg kompetanseheving i møte mellom kunstnarar og kyrkjelydar
  6. Legge til rette for kyrkjelege kulturskuletilbod

 

Kyrkjekultur Vest vert organisert som eit idéelt aksjeselskap med rom for fleire eigarar, t.d. fleire fellesråd og ymse kulturelle verksemder i heile bispedømet.

Selskapet skal ikkje sjølv ha tilsette. Dagleg leiar vert tilsett og får kontorplass hjå ein av eigarane. Den tilsette skal ha god kjennskap til kyrkja sitt verdigrunnlag og til arbeid med kultur i kyrkja.

Generalforsamlinga skal utpeike eit styre på 5 personar innan 20.12.2022.

Kyrkjerådet har tildelt kr 550 000 i etableringsmidlar og Bergen kirkelige fellesråd og Bjørgvin bispedøme bidreg kvar med driftsmidlar på 100 000 kr kvart år i etableringsåra 2023-2025. Årsbudsjettet for Kyrkjekultur Vest er på omlag 1,2 mill. Vestland fylkeskommune, Bergen kommune m.fl. vil bli inviterte med som bidragsytarar til verksemda.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"