Vigsling av ny kantor i Bønes

Michael Fiedczak blei vigsla til teneste i Bønes i september. Han var overraska over den høgtidelege seremonien. - Eit teikn på at vigslinga også var viktig for kyrkjelyden og kollegaer!

 Michael Fiedczak saman med m.a. Biskop Halvor Nordhaug etter gudstenesta, samt familie og kollegaer.

- Eg ønska å bli vigsla til kantor fordi eg trur at dette ikkje berre er ein vanleg jobb, men eit kall frå Gud til denne tenesta, seier den nyvigsla kyrkjemusikaren.

Høgtidelig seremoni

Kyrkjemusikar er ei samlebetegnelse for kantor og organist, og er kyrkjelydens utøvande musikar og leier det kyrkjemusikalske arbeidet. Det er opp til kyrkjemusikaren sjølv å bestemme om han eller ho ønsker å bli vigsla til tenesta. 
 
- Eg var veldig overraska over denne store og veldig høgtidelige seremonien i Bønes kyrkje. For meg var det eit teikn på at vigslinga var viktig ikkje berre for meg, men også for kyrkjelyden og for kollegaer. 

Diakonar, kateketar og kantorar kan bli vigsla når dei går inn i ei teneste i kyrkja, på same måte som prester blir ordinert til teneste. Det er biskopen som forretter vigslinga. 

Allsidig kantor

Michael kjem frå Szczecin i Polen, og starta med orgelundervisning på vidaregåande. Han byrja å spele på kyrkjas sju søndagsgudstenester, og starta også eit lite kor der, før han byrja på utdanning som kyrkjemusikar i Bayern. Han har jobba som kantor og lærar i Tyskland i fleire år, m.a i Oberammergau. 

- Eg jobba både med barnekora, ungdomskor og med vaksne. Bayern har ein veldig stor styrkar- og messingorkestertradisjon tilknytta kyrkja. Dette var ein stor del av arbeidet mitt. 

Sidan tok han masterstudie i musikkterapi på Universitetet i Augsburg, og flytta til Florø og Norge i 2020. No har han jobba i Bønes kyrkjelyd sidan mai 2022, og trivs godt. Fiedczak er allsidig, og spelar også blokkfløyte, og speler og syng både klassisk musikk, gospel, folk, pop og rock. 
Det neste målet hans no er å danne eit kor i kyrkjelyden. 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"