Prostiprest søkast til levande folkekyrkje

Vi ser etter ein engasjert prest som brenn for gudstenesta og formidling til folk i alle aldrar, og som har glede av å omgåast og stå til teneste for menneske.

Konfirmantopplæringa i Sel har samarbeid med musikklina på Otta. Her frå Rock the Church. Foto: Randi Bakken Vassplassen

Du får reise rundt i indrefileten av Norge, i vakre bygder knytt til dei mektige fjellområda Jotunheimen, Breheimen, Rondane og Dovrefjell. Landskapet pregar også folket som bur her. Du møter staute og trufaste innbyggarar med hjarte for kyrkja si.

I prostiet har vi utvikla ein samarbeidsmodell der vi arbeider saman om felles prosjekt og heile tida har fokus på godt samarbeid mellom prestar og sokn.

Arbeidsstaden din blir Otta – byen ved Rondane. Tenesta vil i hovudsak bli i sokna Heidal, Nord-Sel og Sel i Sel kommune. Du blir del av ein større stab. Kvar månad samlast dei 10 prestane i prostiet til konvent for fagleg oppdatering, andeleg og sosialt fellesskap.

Gudstenester, tenesteveker og andaktsturnus på institusjonar skjer etter oppsett plan. Det inneber at arbeid og fritid vil vere forutsigbart. Du vil få ei allsidig og variert presteteneste og stillinga passar godt for ein som er nyutdanna eller ein student.

Visitas Skjåk Foto JCK.JPG

Konfirmantframsyning i Skjåk under biskopens visitas i 2018. Foto: Jan Christian Kielland

Du må gjerne koma på besøk, på vår rekning om du vil sjå korleis vi har det før du søker.

Søknadsfrist er 20. januar.

Velkomen til Nord-Gudbrandsdal med eit eventyrleg natur og friluftsliv i fleire nasjonalparkar, med stabilt og godt klima sommar som vinter og to pilegrimsledar. Vi byr og på eit rikt kulturliv med gode buss- og togsamband til andre landsdelar.

Vil du vite meir kan du sjå heile stillingsutlysinga her.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"