Trøyst i lyset som skin

Stadig fleire erfarer allehelgensdag som ein viktig minnedag. - Mange lever med sorg og sakn. Dei finn trøyst i at lyset skin, seier diakon.

Sorg er noko vi alle møter i løpet av livet. For dei etterlatne kan sorg fortone seg svært forskjellig. Du kan ta kontakt med ein prest eller diakon der du bur for å få hjelp til å handtere sorg.

– Eg erfarer at mange etterlatne, særleg dei fyrste månadane etter at dei har mista noken, går til grava kvar dag og tenner lys, seier rådgjevar for diakoni og samfunn i Tunsberg bispedøme, Astri Olga Tretterud.

Ein trøyst i lyset

Tretterud ser at dette handlar om at det er ein trøyst at lyset er der på grava. Etterlatne tenner lys for å minnest den døde. Lyset som brenn på grava fungerer og som eit symbol på at den døde er med i livet vidare og ikkje gløymt.

– I sorggrupper kjem det fram at mange ber eit ynskje om at det skal brenne lys på grava. Etter kvart oppsøkjer folk ikkje grava like ofte, men dei tenner lys ein gong imellom. Nokre spør naboar eller andre om å tenne lys på grava om dei sjølve er på reise, fortel Tretterud.

Ho slår fast: – Lystenning er viktig for folk.

Diakon Astri Olga Tretterud

Diakon Astri Olga Tretterud ser at det er noko vakkert i det aukande lyshavet på kyrkjegardane.

- Mange lever med sorg og sakn. Dei finn trøyst i at lyset skin på grava.

Tretterud siterar frå salmen Midt i alt det meningsløse, skreven av Svein Ellingsen, med von om at salmen kan gje trøyst til alle som strevar med sorg og sakn.

Om vi seirer eller synker
skal vårt svake liv bli båret
gjennom liv og gjennom døden.

Gud, vi roper: Du som finnes,
finn oss, redd oss, la din nærhet
bli vårt lys i tvilens mørke.

Kvifor tenner vi lys i kyrkja?

Minnemarkeringar for døde er av dei eldste kristne skikkane vi har. Lystenning på graver har vore ein veksande tradisjon i Norge dei siste tiåra. Årsakar til det kan vere auka turisme der ein til dømes har opplevd lystenning i katolske kyrkjer. Lystenning blir eit stadig vanlegare ritual i Den norske kyrkja.

Framleis er det truleg flest som vitjar grava julekvelden, men allehelgensdag veks som ein viktig minnedag. Aagedal ser grunn til å tru at bruken av lystenningssymbolet berre vil auke. 

– Ved katastrofar og nasjonale minnemarkeringar har lystenning blitt ein viktig del av den «offentlege sorga». Det har truleg styrka opplevinga av dette symbolet, seier Olaf Aagedal, forskar ved KIFO, institutt for kirke-, religions- og livssynsforsking.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"