Preken på 22. juli

Preken fra gudstjeneste og 10års markering av 22. juli ved Biskop Kari Veiteberg. Opptak av gudstjenesten er tilgjengelig på NRK.

Preken på 22. juli

Fred vere med dykk!


I dag er det ti år sidan. Ti år sidan den dagen og den helga der alle i Norge veit nøyaktig kor dei var og kva vi gjorde. Ein dato som har blitt eit begrep på høgre-ekstrem terror og på målretta vondskap. 77 menneske blei drept og mange, mange slit stadig med sår i kroppen og på sjela, i dag ti år etter.


Pårørande og etterlatte har reagert på det forferdelege som skjedde på ulike måtar. For nokre er det meiningsfullt å bruke denne minnedagen til å fortelje historier og sjå på bilde. For andre er det stadig så vondt at dei helst vil lukke augo, halde for øyro og håpe at også denne minnedagen går over.


Sorga gjer ulike ting med oss. Det vi alle veit, er at det ikkje er sant at tidaa leger alle sår.  Ho gjer ikkje det.


Det er derfor vi samlast i dag. Takk for at de er saman med oss, enten her i kyrkja eller rundt fjernsynsskjermen!


For ti år sida fekk mange av oss eit fysisk behov for å gjere noko - for å vise solidaritet. Mange drog hit til domkyrkja, gjekk inn, tente lys og mange, mange sette blomster utafor kyrkja. På denne måten blei også denne staden ein minnestad. Bronsedørene inn til kyrkja danna bakteppe for blomsterhavet.


Har de sett kva som er på dei?  Det er åtte graveringar av menneske i ulike situasjonar og teksten er henta frå opninga på Bergpreika, som vi nettopp høyrte: Salige, Sæle, blessed på engelsk, er de som sørger, de som hungrar og tørstar etter rettferd, de barmhjertige, de forfølgde og de som skapar fred.  


Jesus opnar Bergpreika med å opne Guds rike for alle, men med særleg auge for dei som lid, dei som sørger og dei som kjemper for rettferd og fred.


Jesu ord, som kunstnaren Dagfin Werenskiold prega inn i kyrkjedørene, opnar for ulike menneskelege måtar å møte vondskap og himmelropande urettferd og liding på. Både for å sørge og minnes alle enkeltmenneska som blei drept og såra, og for å kjempe vidare mot alt det som stadig truer: Mot global urettferd, mot krig og vald, og mot rasisme og hat mot kvinner og skeive.

Kyrkjedørene skildrar eit sant mangfald av måtar å møte det vonde i livet på. Det bør også vi som fellesskap og samfunn gjere. Skal vi ta vare på vårt menneskeverd er både sorg og kamp nødvendig. 

Etter saligprisingane seier Jesus at dei som høyrer er jordas salt og verdas lys. Vi treng å sjå lys for å vite kor vi er, vi treng å få auge på og å minnest lyset som strålar ut frå andre menneske. Takk til dei av dykk som har vore og er lys!


-Eg trur vi alle kan sjå for oss ein eller ei som har vist veg og lyst opp desse åra.  Dei orda nett då, den teksten, dei filmane, den songen, det varmande blikket!


De er jordas salt! Kroppen treng salt og salt er nødvendig for at maten ikkje skal bli bederva. Salt kan få noko til å vare og også svi på kroppen og sette smak på maten og på tårene vi gret.


Jesus prisar dei som blir forfølgt og mobba for å kjempe for rettferd. Og han viser til at sånn blei også profetane forfølgde og håna. Fleire forbind profet først og fremst med folk som kan sjå inn i framtida. Men dei Jesus viser til, profetane i den hebraiske bibelen, var menneske som såg samtida med klåre auge og som sette ord, av og til krasse og ramsalte ord, på det som trua livet. Profeten Amos, som vi nettopp høyrde, vender seg med sviande ord mot dei som tråkkar ned småkårsfolk, dei korrupte og dei rike som ikkje deler, men tvert om avviser fattige.


I ein viktig tale frå ein profet frå nyare tid som også blei forfølgd og drept, borgarrettskjemparen og anti-rasisten Martin Luther King jr., gjer han ord frå profeten Amos til sine og som ord retta til si samtid: «Lat rett vella fram som vatn / og rettferd lik bekker som alltid strøymer.»

Vi treng stadig profetiske stemmer i kyrkja og i samfunnet.


Men, det profetiske fører ofte til at kyrkja blir skulda for å vere politisk. Til det er det berre å seie: Er det mulig å vere upolitisk på denne minnedagen for 22. juli? For mange av oss, er svaret: Nei, det går ikkje an.


For nokre av oss må heve stemma. Takk til alle de som gjer det! De med sterk og svak og ikkje-tru. De frå ulike trus- og livssyn som tek avstand frå hat, vald og vondskap, trass i flaumen av hat-meldingar og trakassering som de risikerer å få.


Vondskap og hat blir vi ikkje kvitt. Men vi kan og må ta avstand og snakke sant om vondskapen. For ti år sidan kom ikkje vondskapen utanfrå. For ti år sidan kom vondskapen til syne som ein som ville redde Norge og Vest-Europa frå kulturmarxistisk og muslimsk overtaking. Og som ville påføre Arbeidarpartiet størst mulig tap, ved å drepe ungdommen.


Eg står her som biskop i Den norske kyrkja. Kristendommar fins i mange ulike utgåver, både i og utanfor kyrkja. I høgrenasjonalistiske rørsler blir kristendom ofte brukt for å markere grenser, ja krossen blir løfta opp for å markere grenser mot «dei andre». Mange av desse bevegelsane er antisemittiske. Fleire av dei spreier også fiendebilde av muslimar, sosialistar og feministar.


Krossen er tvitydig. Eg ber krossen fordi eg trur på Jesu Kristus. Jesus som korkje var europisk eller kvit, kom med kjærleik og fred. Tidlegare biskop i Stockholm Krister Stendahl, har lært meg følgjande: «La den andre få definere seg sjøl! Samanlikn ikkje det verste i den andres tradisjon med det beste i din eigen.»


Å vere profetisk er å sjå og sette ord på det som er no. Både det som trugar livet, men også å sjå og sette pris på alt det positive som veks fram. Etter terrorangrep mot jødar i Paris og København tok muslimske ungdommar initiativ til å danne fredens ring rundt synagogen i Oslo. Etter angrepet mot muslimar i Christchurch i New Zealand danna mange kristne og folk frå andre livssyn ringar rundt moskear under overskrifta #prayinpeace (#tryggi bønn.) I Oslo arrangerte Samarbeidsrådet for tros -og livssyn #tryggibønn utanfor Islamic Cultural Centre (ICC). Eit mangfald av tru og livssyn var representert og dei heldt vakt utanfor moskeen mens muslimar samla seg til fredagsbøn. Det same skjedde rundt moskear etter terrorforsøket i al Noor - moskeen i Bærum i august for to år sidan. 


Dette er det vi, her i Oslo domkyrkje, også markerer i dag: Vi tek avstand frå hat-prat og inndelingar i «oss» og «dei»: Samanlikn ikkje det verste i den andres tradisjon med det beste i din eigen. Lat den andre få definere seg sjølv!


Å vere profetisk er også å leite etter håp. Denne kampen om å halde motet og håpet oppe kan vi ikkje ta aleine. Vi treng kvarandre. Særleg no i ei tid der også pandemien kan føre til  at gamle fiendebilde får ny næring og hat spreier seg.


Eg ser på dykk og ser både lys og håp, trøyst og profetiske rop, ja både englar og profetar! Eg trur at håpet kan finnast der ein minst venter det, det gjeld å greie å sjå det og ta det inn:

For there is always light, if only we’re brave enough to see it.

If only we’re brave enough to be it. (Amanda Gorman)

Vi treng mot for å sjå det som verkeleg skjer. Mot til å setje ord på det. Mot til å sjå. Vi veit i dag på kroppen at det ikkje er sant at tida leger alle sår.


Vi treng kvarandre og vi treng både som enkeltmenneske og samfunn meir kjærleik (også i gatene) og mot for å ikkje bli isolerte. «Ingen mann er en øy» som det heiter i ei klok bok eg nettopp har lese om gjenoppbygginga av Utøya etter terrorhandlinga. Anti-nazisten Halldis Moren Vesaas understreka denne erfaringa av å ikkje berre vere eit isolert eg, men eit vi, i eit dikt som vart skrive under krigen. Det heiter passande nok: Tung tids tale og domkantor Kåre Nordstoga har sett ny melodi til denne oppsummeringa av ei tung tid. Lat oss høyre på diktarens ord i fred og i fred. Saman.

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"