Preike av biskop Kari Veiteberg 1. påskedag 2020

Evangeliet denne påskemorgon fortel at det ut frå det djupaste mørkret kan vekse noko nytt og annleis, noko som gir håp og livsmot og er eit teikn på at det skal gå bra, med oss og med verda.

Preike av biskop Kari Veiteberg 1. påskedag 2020

Ottesang i Oslo domkirke
Påskedag søndag 12. april 2020 kl. 09.00
Oslo biskop Kari Veiteberg
Tekst: Evangeliet etter Markus 16,2–8


Inngangsord

Nåde være med dere og fred!
Kristus er oppstanden!
Alle: Ja, han er sannelig oppstanden!

Vi er saman til ottesong, påskemorgon. Sola har stått opp, det er morgonstemning i byen. Restar av mørke, kanskje også av trøttheit, heng stadig igjen hos mange av oss.

Kanskje er du ein av dei som frå ein bergtopp prøvde å sjå sola danse av glede i dag? Kanskje har du nettopp ete egg? Teiknet på nytt liv.

Ta gjerne og tenn eit lys no, om du har du har muligheit, eller vil. Og ta gjerne fram ein Bibel, eller salmebok. I denne spesielle påskehelga kan du jo bla litt i salmeboka, og finne ut kor mange av salmane som nemner at sollyset overvinn mørket. Det er ikkje få, og vi syng nokre av dei på denne ottesongen, syng eller nynn med oss.

Det er som sagt morgon, i evangelieteksten frå Markusevangeliet kapittel 16, får vi får høyre at sola akkurat var stått opp. I denne vekslinga frå mørke til lys skjer det noko. Høyr kva det står skrive:

Tidlig om morgenen den første dagen i uken kom de til graven da solen gikk opp. De sa til hverandre: «Hvem skal vi få til å rulle bort steinen fra inngangen til graven?» Men da de så opp, fikk de se at steinen var rullet fra. Den var meget stor. Da de kom inn i graven, så de en ung mann sitte på høyre side, kledd i en hvit, lang kjortel, og de ble forferdet. Men han sa til dem: «Vær ikke forferdet! Dere leter etter Jesus fra Nasaret, den korsfestede. Han er stått opp, han er ikke her. Se, der er stedet hvor de la ham! Men gå og si til disiplene hans og til Peter: ‘Han går i forveien for dere til Galilea. Der skal dere få se ham, slik som han sa dere.’» Da gikk de ut og flyktet bort fra graven, skjelvende og ute av seg. De sa ikke et ord til noen, for de var redde.



Preike

Det er tidleg på morgonen, mens mørket stadig dekker jorda, at nokre modige kvinner våga seg ut til grava. Kven var desse kvinnene?

Hos Markus som vi nettopp høyrde frå, er det to Mariaer (Maria frå Magdala og Maria mor til Jakob) og ei som heiter Salome (tradisjonen har identifisert henne dels med mor til disiplane Peter og Andreas og dels med søster til Maria, Jesu mor) som legg ut for å salve den døde Jesus med olje.

Nokre av dei hadde salva Jesus i forkant av påskeukas hendingar, fleire av dei var til stade under krossen. Desse kvinnene kom til grava i deira tradisjonelle pleie og omsorgsrolle: Ta hand om døde kroppar, stelle, tørke, pleie, smøre med salve eller olje.

Peter heldt seg vekke i skam, og dei andre disiplane hadde flykta.

Korleis hadde dei det, desse kvinnene som våga seg ut og som våga å gjere noko? Markus er det aller eldste evangeliet, og eg la merke at han velger ulike ord for å beskrive følelsane deira: Dei blei først forferda.

Og etter at dei ved sjølvsyn oppdaga at Jesus ikkje var i grava lenger, og engelen hadde sagt at han var stått opp og at det skulle seie til disiplane, så vart dei ikkje akkurat hoppande glade:

«Da gikk de ut og flyktet bort fra graven, skjelvende og ute av seg. De sa ikke et ord til noen, for de var redde.»
– «Dei rømde frå gravi; fælska hadde teke dei, so dei skalv og var reint frå seg. Og dei tala ikkje eit ord til nokon, so redde var dei.»

Sånn sluttar opphavleg - faktisk - det eldste evangeliet. Evangelium som betyr den gode, glade bodskapen, endar opp i uavklarte, sterke, moststridande følelsar: tre redde kvinner, skjelvande og ute av seg (ek-stasis).

Dette er kanskje følelsar nokon kjenner seg igjen i? Til vanleg, men kanskje særleg denne merkelege påska? Mange av oss kjenner på bekymring og uro i desse nettene og dagane. Vi er redde for korleis det skal gå med oss og dei vi er glade i, og vi redde for alle i heile verda.

Eg er urolig for korleis det vil bli framover. Eg eg djupt bekymra frå borna og vaksne som bur trangt. Redde er vi, mange av oss over heile jorda – i Morialeiren kva skjer når viruset kjem dit? – Overfylte likhus i Italia og USA.

Det heile står og vippar, mørkret kjempar med lyset, rundt oss og i oss.

Det skjer noko ved grava denne morgonen. Desse ofte underbetalte omsorgs- og pleiearbeidarane, som held på. Salvar og pleier, sårbare handlingar, utført av idealistar, mens mange av oss andre gjer noko som har vorte rekna for meir lønsamt.

Dei kom til grava med olje til å salve ein død kropp.

I staden finn dei ein stein rulla til sides: «Vær ikkje forferda! Dere leter etter Jesus fra Nasaret, den korsfestede. Han er stått opp, han er ikkje her. Se, der er stedet hvor de la ham! Men gå og si til disiplene hans og til Peter: ‘Han går i forveien for dere til Galilea. Der skal dere få se ham, slik som han sa dere.’»

Dei kom for å pleie og nett dei, dei omsorgsarbeidarane som vanlegvis har blitt tatt for gitt, for mange av oss har valt andre, meir spennande og pengeinnbringande yrker, dei går frå dødens rom og blir oppstandelses-vitner, håpsbærarar.

For dei må ha fortalt det vidare. Sjølv om dei skalv og reint frå seg.

Ryktet har i alle fall nådd hit. Og vi har nettopp blitt gjenfortalt desse orda som desse kvinnene høyrde: «Vær ikkje forferda! Dere leiter etter Jesus fra Nasaret, den korsfestede. Han er stått opp, han er ikke her.»

Dei, nett dei, skal fortelje at Jesus lever, til disiplane og til Peter som det står. Kvifor blir Peter nemnd spesielt? Det er fordi han hadde fornekta Jesus tre gonger, løge og svikta. At dei skal helse Peter spesielt, viser at oppstoda også gir syndstilgjeving og nye muligheitar.

Ikkje berre til Peter, her kan du godt setje inn ditt eige namn. Eg set inn mitt.

Jesus er ikkje blant dei døde. Jesus høyrer ikkje til i fortida. Påskeengelen ber kvinnene om å ikkje gråte ved grava, for Jesus er ikkje der! Han eg gått føre dei. No kjem han i mot oss frå framtida. For HÅP, håp, det er eit ord som dirrar av framtid!

Det er derfor vi er saman her no: Mellom mørker og lys. Det dirrar stadig.

Det kristne evangeliet nektar ikkje for at mørket og lidinga, sorga og fortvilinga finst. For det veit vi jo utmerka godt ikkje er sant, kanskje særleg i dagar som desse.

Og kvinnene, pleiarane og dei enda reddare mannlege disiplane, kjente alt dette på kroppen: «for fælska hadde teke dei, so dei skalv og var reint frå seg».

Det evangeliet denne påskenatta og påskemorgon fortel, er at det ut frå det djupaste mørkret, – ut av sårbarheita – kan vekse noko nytt og annleis, noko som gir håp og livsmot og er eit teikn på at det skal gå bra, med oss og med verda.

Veks opp frå mørke jorda, som påskeliljene, står opp som sola. Veks fram frå pleie og omsorg: ømheitas og sårbarheitas teologi.

La oss gå Jesus til møtes, ta opp kampen, mot vår eigen og andres motlausheit, og mot alt det som trugar livet. Som vi skal synge som siste salme og som ein start på resten av dagen:

Deg være ære,
Herre over dødens makt!
Evig skal døden være
Kristus underlagt.



Preika er mellom anna inspirert av Nina Edgardh: Diakonins kyrka.Teologi, kön och omsorgens utmattning (2019)

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"