Musikkandakt i Oslo domkirke: «Bøn»

Hannas historie vitnar om at bøn ikkje er noko som er forbeholdt nokre slags folk, prestar og/eller menn. Bøn er for alle.

Musikkandakt i Oslo domkirke: «Bøn»

Musikkandakt i Oslo domkirke
Fredag 24. april 2020 kl. 17.00
Biskop Kari Veiteberg

 

I namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande, vår Skapar, Frigjerar og Livgivar.

Amen.

«Du ser meg, Gud
Snu meg.
Så jeg kan se deg.»
(Oskar Stein Bjørlykke)

Kjære vener, vi er samla i Oslo Domkirke til kveldsbøn – fredag kveld 24. april.

«Her er eg som eg er
Og eg kjennest ved mi verkelegheit
Utan å forstørre eller forminske
Utan å skjønnmale eller svartmale

Medviten om din nåde Gud, min Gud
Løyner eg ingen ting
Let eg lyset falle inn
Over skam og skuggar

Sanninga gjer meg fri
Sanninga og nåden.»
(Margareta Melin, eg har oms frå svensk)

Eg ber. Mange av oss ber no. Bøn – eit sikkerheitsnett omkring jorda. Bøn – håpet sitt språk. Bøn, eit rop: «Gud, kor er du?» Bøn, eit gledesutbrot: «Gud, kor godt å det å sjå deg!» Bøn, eit sukk – bønesukk.

Bøn. Ofte ein stille samtale. Ei bøn, er med vår store salmediktar Svein Ellingsord ord, – «En bønn er gjemt i hjerteslagets rytme».

Ellingsen gav oss også desse orda å be med: «Vi rekker våre hender frem som tomme skåler. Kom til oss Gud, og gi oss liv fra kilder utenfor oss selv.»

Eg veit at mange, om dei no går ofte i kyrkja eller ikkje, kjenner på eit nesten kroppsleg behov for å be i desse merkelege og til tider skremmande tidene vi lever i. For våre muslimske søsken startar i dag fastemånaden ramadan – ein månad i bøn og faste.

Og eg trur ikkje eg aleine – her eg er i den kristne tradisjonen – om å spørje meg på nytt om korleis eg skal be og kva bøn er og kan vere.

Sist eg var her på kveldsandakt i Oslo Domkyrkje snakka eg om latter og om Sara. I kveld vil eg prøve å finne ut kva ei av dei andre sterke kvinnene i Bibelen, Hanna, kan lære oss og meg – ja oss som er samla om denne kveldsbøna som strøymes ut frå Domkyrkja – om bøn.

Hanna som det står om i 1 Samuelsbok kapittel ein og to er mellom kjend som mor til Samuel som var både dommar og profet i Israel. Ho er og kjend som opphavskvinna til Hannas lovsong.

Vi les frå første Samuelsbok, det første kapitlet:

Ein gong dei hadde ete og drukke i Sjilo, reiste Hanna seg og steig fram for Herrens andlet. Presten Eli sat på stolen sin ved dørstolpen til Herrens tempel. I si hjartesorg bad ho til Herren og gret sårt. Ho gav ein lovnad og sa: «Herre over hærskarane! Sjå til di tenestekvinne i hennar naud. Kom meg i hug og gløym ikkje tenestekvinna di, men lat meg få ein son. Så vil eg gje han til Herren for heile hans levetid, og det skal aldri koma rakekniv på hovudet hans.» Slik bad Hanna lenge for Herrens andlet, og Eli følgde munnen hennar med auga. For Hanna bad stilt, i hjartet sitt. Berre leppene hennar rørte seg, røysta høyrdest ikkje. Difor trudde Eli ho var full, og han sa til henne: «Kor lenge vil du visa deg full? Sjå til å få rusen av deg!» «Nei, herre», svara Hanna, «eg er ei kvinne som ber på ei tung sorg. Vin eller annan sterk drikk har eg ikkje drukke. Men eg har tømt hjartet mitt for Herrens andlet. Hald ikkje tenestekvinna di for ei dårleg kvinne! For heile tida tala eg ut av mi store sorg og naud.» Då sa Eli: «Gå bort i fred! Israels Gud skal gje deg det du har bede han om.» Hanna svara: «Måtte du sjå med velvilje på tenestekvinna di!» Så gjekk ho sin veg, åt og var ikkje lenger så sorgfull.

Hanna var barnlaus og vart erta og håna for det! Ho fekk ikkje til å spise, var full av sorg og i ferd med å miste håpet.

Det var då ho i si hjartesorg gjekk til den lokale heilagstaden og bad til Gud. Også her vart ho observert, for den måten ho bad på der ho gret sårt og «berre leppene hennar rørte seg, røysta høyrdest ikkje» var ikkje slik det skulle gjerast, tenkte presten Eli. Han trudde difor ho var full. Men ho svara: nei eg er ikkje full, eg er i naud og ber på ei stor sorg.

Hanna viser oss at det finst forskjellige måtar å be på, ho bad stilt i hjartet sitt.

Hannas historie vitnar om at bøn ikkje er noko som er forbeholdt nokre slags folk, prestar og/eller menn.

Bøn er for alle.

Hannas bøn førte til at ho begynte å ta til seg mat og ikkje var så sorgfull lenger. Og seinare fekk ho sonen Samuel og song då den lovsongen som inspirerte Marias lovsong mange år seinare.

Hanna, for meg, – kanskje for deg og? – er Hanna også eit forbilde for bøn og for ein måte å snakke med Gud, også fordi ho viste oss at det finst ikkje ein rett måte å be på.

«Eg har tømt hjartet mitt for Herrens andlet.»
… med poeten Margareta Melin:

«Her er eg som eg er
Og eg kjennest ved mi verkelegheit
Utan å forstørre eller forminske
Utan å skjønnmale eller svartmale …»

Hald ikkje tenestekvinna di for ei dårleg kvinne!, sier Hanna til presten Eli, «For heile tida tala eg ut av mi store sorg og naud.»

Forteljinga om Hanna og presten kan vere ei oppmuntring til å finne vår eigen måte å be på, stilt kanskje, ved å høyre på hjerteslagets rytme, kanskje framfor eit lys, oppreist eller knelande, med lukka augo eller med opne augo, åleine på det dei før kalla lønnkammeret, eller saman med andre.

Kva er bøn? Eg har møtt mange som akkurat som Hanna, har fått høyre at dei ikkje ber rett,
eller kanskje også at dei ikkje er verdige til å vende seg til Gud i bøn.

Mange forbind bøn med dårleg samvittigheit. – Med å ikkje greie å setje av tid, ha dei riktige orda, eller kjenne på den riktige måten inne i seg.

Til det vil eg seie: Hanna, Maria og alle kvinner og menn som har levd liv i bøn etter dei, viser at bøn er ikkje ein teknikk eller eit krav. Det handlar heller om å sjå livet sitt slikt det er no, med opne auge og å samle seg, å leve liv retta mot Gud.

Bøn er ein samtale, ein stad kor ein kan være heilt oppriktig, utan å bli støytt bort.

I føremiddag blei eg oppringt av ein eg har bedt mykje med. Og vi fann fram nokre av dei bønene vi ofte bad i tillegg til det vi la fram frå vårt eige hjarte.

Denne:

«Eg skulle gjerne ville sjå på meg sjøl med dine augo, Gud.

Ikkje for at du ser alt,
Men for at Du ser utan å fordømme,

Om eg såg med Dine augo
Trur eg at det skulle kunne vore lettare for meg
å møte andre utan redsle.

Amen.»

Vi samlar oss no til bøn framfor lysgloben med denne bøna, som står i Salmebokas bønebok:

«Om jeg kan be, vet jeg ikke.
Og ikke om jeg kan lovsynge.
Om jeg kan tro …
tro?

Men jeg kan tenne et lys.
Det blir min bønn,
min tause bønn.»
(Lars Åke Lundberg)

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"