Luke 1: Jon Fosse

Jon Fosse vart hausten 2015 tildelt Nordisk Råds litteraturpris. Han er første forfattar ut i adventskalenderen «I de dager...». Les Fosse si nyskrivne julenovelle her.

Jon Fosse. Foto: Tom A. Kolstad/Samlaget

Jon Fosse f. 1959 vaks opp i Strandebarm i Hardanger og flytta seinare til Bergen. I dag bur han i Statens æresbustad for fortente kunstnarar, Grotten, i Oslo. Fosse vart hausten 2015 tildelt Nordisk Råds litteraturpris for romantrilogien «Andvake», «Olavs draumar» og «Kveldsvævd». Han er kjend som den mest spela norske dramatikaren i utlandet sidan Henrik Ibsen. 

 

Ein vinterdag

av Jon Fosse

 

Du kjøpte ikkje øl og dram der i Bjørgvin? Det nærmar seg jul alt, og då skal ein etter skikk og bruk ha øl og dram i hus, seier Åsleik

         Ja kan skjøna det, seier Asle

         Men du kjøpte ikkje noko, seier han

         Nei, nei det er ikkje noko å snakka om, seier Asle

         Om jula? seier Åsleik

         Nei, seier Asle

         Du likar ikkje jula, seier Åsleik

         Nei, eller korleis eg no skal seia det, seier Asle

         Du likar ikkje å vera åleine i jula, seier Åsleik

         Nei eg kan ikkje seia at eg det gjer, seier Asle

         Det kan eg skjøna, seier Åsleik

         og dei vert ståande der utan å seia noko

         Og du skal reisa til syster di der inst i fjorden, som du plar, seier Asle

         Ja, seier Åsleik

         og han seier at etter at systera vart åleine, etter at mannen hennar strauk sin veg, ja så har ho alltid bede han om å koma dit i jula, og han har ikkje noko imot det, for systera diskar dugeleg opp med det beste pinnekjøt som skaffast kan, kvart år leverer han ein skrott av ei gimber til henne, han tek den nyslakta skrotten med seg i båten og tek turen innover i fjorden, og sjølv om han, som Asle godt veit, saltar og røykjer kjøt sjølv, i gammal tradisjon, kor gammal veit ingen, seier han, så vil systera likevel alltid salta og røykja sjølv, og anten han likar å vedgå det eller ei så smakar pinnekjøtet til systera aldeles herleg, smaken av kjøtet hennar finst det ikkje maken til, seier han, ja i alle fall har han aldri kjent nokon liknande smak, men kva som gjer det så godt, løyndomen hennar, den vil ho ikkje ut med, han spør henne om att og om att og ho berre føyser han bort, men i alle fall tek han kvar jul båten og dreg innover fjorden til systera, for isen legg seg då aldri i fjorden, så sjølv om ho bur langt inne i fjorden, det er ikkje utan grunn at staden heiter Instefjord, så går han til jul inn dit med båten, det tek nokre timar, ein liten dag, og vêret kan jo vera ruske ja på dei tider, så han ventar aldri til julaftan med å ta turen, når det nærmar seg jul og fjorden er still eller still nok til at det ikkje er utriveleg å gå, så legg han ut, og heim att dreg han så snøgt råd er, så snøgt det er vêr til det, for sant å seia så likar han seg best heime, men desse turane til systera der i Instefjord har no vorte ein vane, og han likar ikkje så godt å vera åleine i jula, og det gjer i alle fall ikkje syster hans, det er rart med det, seier Åsleik, så kvifor kan ikkje han, Asle, bli med? seier han, men nei, det hadde ingenting føre seg å spørja han om det, for han hadde då spurt om det så mang ein gong, ja vel kvar einaste jul i mange år, ja så lenge han hadde vore saman med systera i jula, og pla han ikkje kvar jul gje henne eit bilete Asle hadde måla, eit lite eit, og ho seier kvar jul, kvar einaste jul, at han må spørja om Asle neste år vil bli med, ja han må vedgå at han har lurt på kvifor ho ikkje gjev seg med å spørja, og ja, ja han har tenkt at ho kanskje har sine baktankar ja, dei er då på same alder, og begge er dei einslege folk, og mange, ja særleg kvinnfolk, nei, nei der er ingen skilnad der på mann og kvinne, vil helst sleppa å bu og å leva åleine, og etter at mannen til systera strauk sin veg, ja han berre reiste og kom aldri att, og no hadde han visst slege seg til austpå ein eller annan staden saman med eit eller anna kvinnfolk jamvel om han og syster hans ikkje var skilde, men brydde vel slike som den karen seg om slikt, nei då, men god til å spela fele det var han, det stod ikkje til å nekta

         Ja du har fortalt det, seier Asle

         Ja er det noko eg ikkje har fortalt, seier Åsleik

         Du kan så seia, seier Asle

         og det vert stilt og dei står der begge og ser ned

         Så du vert ikkje med i år heller, seier Åsleik

         Nei eg får heller vera her, seier Asle

         Du målar i jula òg, seier Åsleik

         Ja, seier Asle

         og det vert atter stilt

         På sjølve julaftan òg, seier Åsleik

         Ja, seier Asle

         Men du et pinnekjøt, seier Åsleik

         og Asle dreg på det, ja for du får då pinnekjøt av meg i byte mot målarstykket eg gjev til syster mi, no har ho ei heil samling, nesten ein heil vegg i stova hennar er fylt med bilete du har måla, seier Åsleik og Asle seier at jau han et då både pinnekjøt og lutefisk i jula, ja det veit då Åsleik, seier Asle og Åsleik seier at visst veit han det, for kvar einaste julehelg kjem han då til Asle for å eta pinnekjøt og kvar einaste julehelg kjem Asle til Åsleik for å eta lutefisk, seier han, men både pinnekjøtet og lutefisken er det han, Åsleik, som har laga til, må vita, seier Åsleik, han har fiska fisken og sløydd han og turka han og luta han, og han har ale opp gimbera og slakta henne og flådd henne og salta og røykt kjøtet og Asle tenkjer at han aldri har likt jula, det er ei vond tid, det einaste som gjer jula god er å tenkja på at ein ung mann og ei ung jente er kjærastar, og sjølv om ho skal ha barn med ein annan mann så vil den unge mannen vera kjærast med henne, dei to er åleine i verda, og han, den unge mannen, tenkjer at han er så glad i jenta si at sjølv om han ikkje er far til barnet ho ber på må han hjelpa henne, dei må finna ein stad der ho kan føda, og nokon som kan hjelpa til med fødselen, tenkjer den unge mannen og så går dei av garde for å finna ein stad og nokon som kan hjelpa til, men medan dei går så vert ho dårleg, det riv i kroppen hennar og då dei er ved ein gard går dei opp og bankar på, men ingen lèt opp, og så går dei inn i løa, og ho legg seg i turrhøyet, og så kjem, ja under over alle under, ja eit lite barn, eit lite gutebarn, kjem ut or kroppen hennar og den unge mannen tek det i hendene sine og han turkar det med turrhøy og pakkar det inn i kappa si og det kjem som eit lys frå barnet og han rekkjer det til mora og ho tek barnet inn til kroppen sin, inn til brystet sitt, der under kleda, og mjølk det har ho, merkar ho, og ho held barnet inntil seg og barnet syg i seg mjølk, slik tenkjer Asle seg det, tenkjer han, og så, tenkjer Asle, går den unge mannen ut, for jamvel om det er kaldt så er han sveitt vorten, og han lèt den kjølande lufta stryka andletet sitt og han ser opp og han ser ei stjerne som senda ein stråle av lys beint imot løa og beint inn i løa, ei så tydeleg strime av lys, og den unge mannen vert ståande og sjå mot stjerna og følgja strålen av lys med augo og så ser han tre underlege menn koma gåande, langhåra er dei, og i uflidde klede, i mange fargar, og med seg har dei teppe og mat og smykke og Asle veit ikkje kva dei ikkje har med seg og då dei ser den unge mannen seier dei at dei kvar natt sit og ser på stjernene og prøver å tyda kva meining stjernene kan ha, og i natt så såg dei ein stråle av lys koma frå ei stjerne, ei strime av lys kom frå ei stjerne og peikte mot ein stad, noko slikt hadde dei aldri før sett, og då visste dei, sa dei, at det lyset tydde at Gud hadde sendt Menneskesonen til jord, og så følgde dei berre lyset frå stjerna og no står dei der, utanfor løa, og lyset peikar beint inn i løa, seier dei og Asle tenkjer at det lyset, ja nettopp det lyset, ja det må vera det lyset, det må vera litt av det lyset ja, ja det meiner han at det er, ja det er det lyset, litt av det lyset i alle fall, han all sin dag har freista å måla, i alle fall måla litt av, så langt han kan det klara, og lettast er det å måla dette lyset di mørkare, ja di svartare, fargane er, underleg nok, det er som om det svarte lyser mest, men korleis det lyset han tydeleg nok målar kom til, nei ikkje veit han, men han tykkjer det er fint å tenkja på at det kom til slik, at det kom til då ein lausunge, dei kallar, vart fødd i ei løe ein vinterdag, at ei stjerne då sende sitt lys til jord, eit lys frå Gud, ja det er ein fin tanke, tenkjer Asle, eller i alle fall ein tanke som er god å tenkja, ja om ikkje meir enn det, men slikt får han aldri Åsleik til å skjøna og difor seier han ikkje noko om det til Åsleik, for han kjem berre til å seia at han, Åsleik, tilhøyrer dei ugudelege, ein lever, og så døyr ein, slik er det, korkje meir eller mindre, og Asle veit at han då kjem til å seia at ja ein lever, og så døyr ein, det er nettopp det, korkje meir eller mindre. Og det er ikkje til å skjøna, men på eit forunderleg vis er det til å skjøna likevel, av di det har noko med lyset å gjera, tenkjer han, og av di det heng saman med noko av det han held på med når han målar, tenkjer Asle og brått høyrer han Åsleik seia at sjølv om han berre er fiskar så er det ikkje så enkelt, for alt går saman til ein stor samanheng, folk treng fisk, mat, og for at det skal finnast fisk må det og det skje og for at han skal lykkast som fiskar må det og det skje, så alt heng på forunderleg vis saman, alt er ein stor samanheng, men du trur på Gud og eg ikkje, seier Åsleik og Asle seier, alltid seier han det, at ingen kan vel seia noko om Gud og difor gjev det inga større meining å seia at ein trur eller ikkje trur på Gud og han tenkjer at dette har dei snakka om så mang ein gong, og noko er det greitt å snakka om igjen og igjen, anna vert det keisamt å snakka om igjen og igjen

         Ja ja, seier Asle

         Men du vert ikkje med til syster mi for å feira jul der i år heller, seier Åsleik

         Nei, eg får vera her, eg, seier Asle

         Ja ja, seier Åsleik

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"