Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Midlar til utviklingsprosjekt

Kyrkjerådet lyser igjen ut midlar til utviklingsprosjekt. Dette skjer i ramma av trusopplæringsreforma i Den norske kyrkja.

Organisasjonar, faginstitusjonar, kyrkjelydar og andre fagmiljø er invitert til å søke prosjektmidlar i lys av reforma sine målsettingar og utfordringar.

Det kan søkas om støtte til prosjekt i følgande tre kategoriar:

1) Forsking og fagutvikling. Inntil kr. 200 000 pr. år i inntil tre år.

2) Metode- og materiellutvikling. Inntil kr.150 000 pr. år i inntil to år.

3) Lokale utviklingsprosjekt. Inntil kr.150 000 pr. år i inntil to år.

- Dette er ei open utlysning, innafor ramma av trusopplæringsreforma, seier Kristine Aksøy, leiar for seksjon barn, unge og trusopplæring i Kyrkjerådet. Plan for trusopplæringa Gud gir - vi deler (lenke nederst på sida) ligg til grunn for denne utlysninga. Målet med trusopplæringa er å bidra til ei systematisk og samanhengande trusopplæring som fremmer kristen tru, gir kjennskap til den treeinige Gud, bidreg til livstolkning og livsmeistring, utfordrar til engasjement og deltaking i kyrke og samfunnsliv for alle døypte i alderen 0-18 år, uavhengig av funksjonsevne.

-Det blir gitt støtte til eitt, - to- eller treårig prosjekt. Det er verdfullt at organisasjonar, faginstitusjonar, kyrkjelydar og andre fagmiljø bidreg med si kompetanse til fortsatt fornying av trusopplæring i kyrkja, seier Kristine Aksøy.

Utviklingsmidla skal bidra til at:
- barn og unge gjennom dåp og opplæring kan leve og vokse i den kristne trua
- tilsette og frivillige i kyrkjelydane får økt kompetanse til å tilby ei trusopplæring for alle
- trusopplæringsreforma blir vidareutvikla i Den norske kyrkja - lokalt, regionalt og nasjonalt

 

Søknadsfrist er 5. juli 2017 kl. 12.00. Dei prosjekta som blir innvilga blir kunngjort innan 15. september 2017.

Meir informasjon om utlysning og elektronisk søknadsskjema ligg i lenkefeltet under.