Helse og kyrkje

Hvilke verdier styrer våre prioriteringer?

Hovudtemaet for Kyrkjemøtet 2015 var "Kyrkje, helse og livsmeistring". Saksdokumentet til møtet finst som eige hefte i ei bearbeida utgåve.

Last ned heftet Kirke og helse (pdf)

Klikk for å laste ned heftet (pdf)Helsespørsmål sett i aukande grad sitt preg på mediebilete og politiske debattar. Kyrkja er utfordra til å la seg engasjera, - meir enn tilfellet var for berre nokre tiår sidan.  

Saksframstillinga til Kyrkjemøtet 2015 har eit eige kapittel om ”Kyrkja i den offentlege debatt om helse”. Her seier ein at kyrkja kan bidra til at det blir tala sant om livet og om døden i det offentlege rom. Det vert òg peika på at stereotype oppfatningar av perfekt helse kan føre til ei nedtoning av menneskeverdet til den som ikkje svarar til dette idealet. ”I verste fall kan det grunngi praksisar som inneber eit steg i retning av sorteringssamfunnet sitt menneskesyn”, heiter det i dokumentet.

I vedtaket frå Kyrkjemøtet bed ein mellom anna styresmaktene vere særleg merksam på menneske i sårbare livssituasjonar og deira rettigheiter, og at minoritetars språk og kultur blir tatt vare på ved prioriteringar i helsebudsjetta.

Gjennom eit stort spekter av diakonale institusjonar, og i arbeidet i kyrkjelydane, vert det utført eit omfattande arbeid innanfor helse og omsorg.