Evaluering av arbeidstidsavtalen

I april og mai vart det gjennomført ei spørreundersøking mellom prestar og prostar i Den norske kyrkja for å evaluere arbeidstidsavtalen. 74 % av prestar og 89 % av inviterte prostar svarte på undersøkinga.

Illustrasjonsfoto: Jarle Hagen

Det er store variasjonar i kor nøgde dei spurte er, både med registreringssystemet TID og sjølve arbeidstidsavtalen.

Rundt 80 prosent av prestar og 87 prosent av prostar meiner at avtalen sikrer eit skilje mellom arbeidstid og fritid for prestane.

Om lag halvparten av prestane ser arbeidstidsavtalen først og fremst som eit gode, men ein firedel meiner at den gamle ordninga var betre. Ein femdel av prestar ser arbeidstidsavtalen i hovudsak som avgrensande og unødvendig. 

 

Planlegging av arbeidstid
70 % av prestane seier at ubunden arbeidstid er viktig for dei. Prestane oppgjev at det er varierande kor godt unbunden arbeidstid fungerer i sitt eige prestekollegium. 

To av fem prestar seier at det fungerer godt å planlegge 80 % av arbeidstida, medan ein av fire meiner at det ville vere betre å planlegge heile arbeidstida. Mange prestar seier at dei tykkjer lengda på planperiodane i TID er krevjande, men få uttrykker ynskje om endring. 

 

Fleksibilitet
Fire av fem prestar opplever at arbeidstidsavtalen gjer nok handlingsrom til å gjere jobben. Ein av fem er usamde, og opplever at dei mangler rom for å arrangere aktivitetar på dei rette tidspunkta. Om lag halvparten av prestane, og to av tre prostar, meiner at avtalen gjer tilstrekkeleg fleksibilitet og handlingsrom. 

Mange prestar melder at dei opplever god balanse mellom prestetenesta og privatlivet, og dei som nyttar moglegheitene for fleksibilitet som ligg i arbeidstidsavtalen opplever betre balanse. Samstundes oppgjer om lag ein av tre prestar at dei opplever forventning om å vere tilgjengeleg utanfor avtalt arbeidstid, særleg overfor frivillige. 

Undersøkinga gjer få klare og eintydige svar på kva prestar og prostar ynskjer av endringar i arbeidstidsavtalen, men gir viktige tilbakemeldingar med tanke på å behalde og rekruttere prestar i framtida.

 

Undersøkinga var gjennomført av Rambøll på vegne av Kyrkjerådet. Prestar med stilling over 50 % og som ikkje står i særleg sjølvstendig stilling var invitert til å delta i undersøkinga. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"