Arbeidsgruppene sine rapportar er klare

Fire arbeidsgrupper i Prosjekt kyrkjeleg organisering har no levert sine rapportar til hovudutvalet. No skal utvalet samle trådane og levere sin rapport til Kyrkjerådet i februar.

Arbeidsgruppe 4 har undersøkt forholdet mellom kyrkje og kommune. Leiar i arbeidsgruppa Ann Kristin Langeland har no sendt rapporten til hovudutvalet. Foto: Kyrkjerådet

Prosjektet som skal greie ut ny organisering av kyrkja går no over i ein ny fase. Sidan starten av 2020 har fire arbeidsgrupper gått i djupna på ulike tema, og 1. oktober leverte dei sine rapportar til hovudutvalet. Arbeidsgruppene har mellom anna sett på korleis arbeidsgjevarorganisering, biskopen si rolle, valordningar og relasjonen mellom kyrkje og kommune kan sjå ut i ei ny organisering.

– Vårt prosjekt har fått i oppgåve å vurdere ei løysing med eit nivå som ligg mellom kyrkjeleg fellesråd og bispedømet, seier Morten Müller-Nilssen som leier Hovudutvalet. – I mandatet vi har fått vert fleire aspekt nemnd, basert på erfaringar frå tidlegare utgreiingar av organiseringsspørsmålet. Den mellommodellen vi greier ut, har så langt fått «prostifellesråd» som arbeidstittel i utvalet, søkjer å løyse både det lokale ansvaret og behovet for ei meir samanhengande kyrkje.

Skal sjå det store biletet

Medan dei fire arbeidsgruppene har jobba sjølvstendig og sett seg grundig inn i ulike problemstillingar, er det hovudutvalet si oppgåve å sjå det store biletet. I løpet av hausten skal hovudutvalet gå grundig inn i rapportane, og saman lage ei anbefaling.

 – Vi skal gjere ei heilskapleg vurdering av ny organisering, basert på det gode arbeidet som no er gjort i arbeidsgruppene. I tillegg skal hovudutvalet gjere sjølvstendige vurderingar, og vi kan difor kome til andre vurderingar enn det arbeidsgruppene anbefaler, seier Müller-Nilssen. – Anbefalingar frå dei ulike arbeidsgruppene kan stå i spenn med kvarandre, og då er det vår jobb med å løfte blikket og sjå kva løysing som gjev mest himmel på jord.

Hovudutvalet avsluttar sitt prosjekt med å levere si anbefaling til Kyrkjerådet i slutten av februar. Deretter vil Kyrkjerådet behandle forslaget og sende det på høyring i heile kyrkja frå mars til september. I 2022 er målet at Kyrkjemøtet skal gjere eit prinsippvedtak om kva modell ein ynskjer å gå for. Då vil ein få presentert ulike modellar for organisering av kyrkja.

– Organiseringsspørsmålet har vore eit viktig og vanskeleg tema for kyrkja i lang tid. Mange modellar er greidd ut, og den modellen vi jobbar med er ein av fleire moglege. Det vesentlege er at Kyrkjemøtet i 2022 tek ei avgjersle. Kyrkja treng å kome vidare, og den nye trussamfunnslova gjev Kyrkjemøtet moglegheita til sjølv å bestemme kva organisering kyrkja skal ha, seier utvalsleiaren.

Fire rapportar

Dei fire arbeidsgruppene har sendt over sine rapportar til hovutuvalet. Du kan laste ned alle rapportane nedst på denne sida her under "dokumenter". Her finn du også samandrag for kvar av rapportane. 

1. Ei samla arbeidsgjevarlinje

Arbeidsgruppe 1 har undersøkt korleis arbeidsgjevaransvaret bør vere i ny kyrkjeleg organisering.  Gruppa har gått grundig inn på kva eit arbeidsforhold er og kva som ligg i arbeidsgjevaransvaret, og kva rettslege rammer som må vere på plass for ulike modellar. Eit kapittel i rapporten handlar også om forholdet mellom Kyrkjemøtet si organiseringskompetanse og arbeidsretten sine krav til arbeidsgjevarorganisering og arbeidsgjevar sin styringsrett.

Gruppa skisserer tre alternative modellar for vidare utvikling av arbeidsgjevaransvaret i ei ny kyrkjeleg organisering, med mål om ei samla arbeidsgjevarlinje. Dei ulike modellane peikar på ulike konsekvensar, mellom anna for dei tilsette i kyrkja.

2. Biskopen si rolle

Den andre arbeidsgruppa har teke for seg rolla til biskopen i ny organisering, med særleg vekt på leiing og tilsyn. Gruppa er samla i si innstilling, men rapporten peikar likevel på fleire krevjande problemstillingar – særleg knytt til leiing og styring. Arbeidsgruppa har gjort ei vurdering av tilsynsoppgåva til biskopen, samanlikna med statlege tilsyn.

Arbeidsgruppa har forsøkt å sjå på moglegheiter og ordningar som gjev god samanheng i kyrkja, både mellom ulike nivå og mellom ulike tilsette. Døme på dette er biskopen si rolle i inspirasjonsdagar, fagsamlingar og vidareutdanning.

3. Valordningar i ny organisering

Arbeidsgruppe 3 har teke føre seg valordninga i kyrkja, og korleis denne bør vere i framtida. Gruppa er samstemde i at ein skal ha to direkte val – og går inn for at sokneråd og Kyrkjemøtet blir valt gjennom direkte val. Gruppa peikar på at uklare mandat og oppgåver kan gjere at medlemmar vegrar seg for å stille til val i soknerådet, og peikar også på at det må bli betre mogelegheiter for å førehandsstemme i valet.

I ei organisering med prostifellesråd anbefaler gruppa at alle sokneråd bør vere representert i eit nytt fellesråd. Det vil gje store råd nokre stader, men då kan ein lage ordning med arbeidsutval.

Eit spørsmål som har blitt diskutert er om bispedømeråda, Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet skal ha eigne representasjonar, til dømes frå prestar og vigsla tilsette, eller om desse skal få stille til val på lik linje med andre. Medlemmane i arbeidsgruppa har ulikt syn på desse spørsmåla, og rapporten har med både argument både for og mot.

4. Relasjonen mellom kyrkje og kommune

Den siste arbeidsgruppa har sett på korleis relasjonen mellom kyrkje og kommune bør vere i ei organisering med prostifellesråd. Dei har teke med heilt ferske funn og erfaringar frå stader med interkommunale kyrkjelege fellesråd. 

Medlemmane er samstemte i si anbefaling av modell, og ser mogelegheiter for korleis kyrkja kan vere god samarbeidspartner med kommunen.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"