Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Reglement for representasjon på vegne av Den norske kyrkja

Vedteke på Kyrkjemøtet 1996 (Sak KM 09/96)

 

1. Kyrkjemøtet fastset slikt reglement for representasjon i Den norske kyrkja:


1. FORMÅL

Formålet med dette reglementet er å gi føresegner om representasjon på vegne av Den norske kyrkja.

 

2. FUNKSJONSOMRÅDE

Reglementet gjeld føresegner om representasjon på vegne av Den norske kyrkja og representasjon på vegne av Kyrkjemøtet, - medrekna Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd og Samisk kyrkjeråd.

 

3. REPRESENTASJON PÅ VEGNE AV DEN NORSKE KYRKJA

Det er Kyrkjemøtet og Bispemøtet som representerer Den norske kyrkja. I slike høve er dei jamstelte, og i fellesskap representerer dei heile kyrkja.

Når offentlege styresmakter, kyrkje- og trussamfunn eller organisasjonar ønskjer representasjon frå Den norske kyrkja og sender innbyding til Kyrkjemøtet eller Bispemøtet, skal partane konsultere kvarandre før det vert avgjort kven som skal representere.

Representasjon på vegne av Kyrkjemøtet skal avgjerast i samsvar med pkt. 4, men det kan også avgjerast i samsvar med pkt. 5.

 

4. KYRKJEMØTET

Når Kyrkjemøtet er samla, vert det representert gjennom dirigentskapet.

Leiaren i Kyrkjerådet representerer Kyrkjemøtet mellom Kyrkjemøte-samlingane.

Leiaren i Kyrkjerådet kan delegere denne oppgåva til leiaren i Mellomkyrkjeleg råd eller leiaren i Samisk kyrkjeråd i samsvar med dei ansvarsområda eller mandata råda har. Slike oppgåver kan også delegerast til nestleiar eller direktør/generalsekretær.

 

5. KYRKJERÅDET, MELLOMKYRKJELEG RÅD OG SAMISK KYRKJERÅD

Leiaren i Kyrkjerådet, leiaren i Mellomkyrkjeleg råd og leiaren i Samisk kyrkjeråd representerer kvar sitt råd. Leiaren kan avgjere at nestleiar, dagleg leiar eller ein anna medlem representerer rådet.

Det er mandata til råda som avgjer kva råd som skal representere i eit særskilt høve. Dei valde leiarane avgjer i fellesskap kva råd som skal vere representert. Er det usemje, skal leiaren i Kyrkjerådet avgjere representasjonen.

 

6. REPRESENTASJONSOPPGÅVER

Den norske kyrkja (jf. § 3) eller Kyrkjemøtet (jf. § 4) skal så langt råd er vere representert ved

- nasjonale hendingar og markeringar i folkekyrkja;

- arrangement ved offentlege styresmakter som kjem av den konstitusjonelle tilknytinga kyrkja har til Konge, Regjering og Storting;

- kyrkjelege arrrangement, hendingar og markeringar i utlandet som vedkjem Den norske kyrkja i særleg grad;

- representative arrangement ved andre kyrkje- og trussamfunn i Noreg;

- representative arrangement ved organisasjonar som arbeider innafor Den norske kyrkja.

Kyrkjemøtet nemner opp delegasjonar til generalforsamlingar i internasjonale organisasjonar som Den norske kyrkja er medlem i. Kyrkjemøtet avgjer også kven som er delegasjonsleiar.

Ved bispevigsle i Den norske kyrkja vert det sendt innbyding til leiaren i Kyrkjerådet, leiaren i Mellomkyrkjeleg råd, leiaren i Samisk kyrkjeråd og direktøren i Kyrkjerådet.

Ved bispevigsler i kyrkjer som kjem inn under Porvoo-avtala, representerer Bispemøtet Den norske kyrkja.

Under internasjonale kyrkjebesøk i Noreg, vert Den norske kyrkja representert i samsvar med § 3 og 4.

Kyrkjemøtet fastset eige reglement for oppnemningspraksisen til Kyrkjemøtet.

 

7. PROTOKOLL

Tillitsverv i Kyrkjemøtet, Bispemøtet og dei sentralkyrkjelege råda vert rangerte i denne rekkjefølgja:

- Preses i Bispemøtet, leiaren i Kyrkjerådet, leiaren i Mellomkyrkjeleg råd og leiaren i Samisk kyrkjeråd.

Leiarane i Mellomkyrkjeleg råd og Samisk kyrkjeråd vert samde om den innbyrdes rangeringa etter den karakteren representasjonen har.