Nymalte egg, påskehare og latter

Påskeaften i fjor trykket VG en kronikk skrevet av biskop Kari Veiteberg. Vi løfter den opp igjen til glede for nye lesere.

Egget som symboliserer Jesu oppstode er eit av våre mest utbreidde påskesymbol. Ein europeisk skikk er å måle egga. Foto: Zauberei/Pixabay

Kronikk av biskop Kari Veiteberg
Publisert i VG påskeaften 2018.

Glad påske:
nymalte egg, påskehare og latter

«I dag har vi feira skjærtorsdag i barnehagen» fortalde fireåringen Anders oppglødd. «Fekk de høyre fortellinga om nattverden?» spurde eg. «Nei, vi måtte ta av oss strømpebuksa og så vaska dei vaksne beina våre!» 

I Domkirkens barnehage i Trondheim gjorde dei påskehendingane.  Barna sat med varme og godluktande føter og høyrde Inger fortelje om den kvelden då Jesus innstifta nattverden og kor overraska disiplane vart då Jesus ville vaske beina deira. 

Det norske namnet på skjærtorsdag kjem frå skira som betyr å gjere rein. Skjærtorsdag er å- gjere-rein dagen. Om ein har Jesus som forbilde, er fotvaskinga både skandaløs og grenseoverskridande. Det har pave Frans vist ved å oppsøke innsette i fengsel skjærtorsdagen, knele ned ved beina deira, vaske dei og kysse dei.

Påskelatter

Mykje av det Anders på fire år opplevde i barnehagen kan ein gjere i heimen eller på hytta: Koke egg og ete påskehare, for eksempel. Eg vil seie meir om påskeharen og egga, men aller først vil eg løfte fram påskelatteren, for i morgon er det jo 1. april. Når eg som er Oslo biskop held preike i Oslo domkirke kl 11.00 blir det umulig å vri seg unna påskelatteren.

Skikken med påskelatteren er gammal. I ei berømt påskepreike frå 400-talet malar Johannes Chrysostomos fram korleis Kristus, etter han var oppstått, oppsøkte djevelen og lo han like opp i ansiktet. Når kyrkjelyden høyrde om dette, lo dei også! Vi har mange kjelder frå mellomalder som fortel om påskelatter, særleg i områda rundt Bayern. Der var det vanleg at presten fortalte nokre ordentleg gode vitsar. Ja, ei preike på 1. påskedag skulle innehalde ein supergod vits som verkeleg utløyste rungande latter nedover i kyrkjerommet. Utan latter, ingen riktig påske!

No endte det med at biskopane etter kvart sette ein stoppar for skikken, fordi prestane sine vitsar etter kvart blei så platte og delvis også var på kanten av det sømmelige. I morgon er det 1. april. Kva kjem til å skje? Vil biskopane oppheve vitseforbodet?

Krossen - eit politisk maktmiddel

Bak oss ligg ei sorgtung dag. På fredag bar mange av oss ein kross gjennom Oslos gater. Krossvandring er ein gamal tradisjon og i Oslo stoppa vi ved stader som liknar dei Jesus stoppa ved på sin veg mot døden på krossen.

Krossen er konkret. Krossen er, og har vore, brutalt nærværande i folks kvardag som torturinstrument og eit politisk maktmiddel.

Krossen er stor og tung og fleire folk byter på å bere. Eg erfarer at krossen gjennom gatene bind byen og krossen saman: Byen vert tolka i lys av krossen og krossen i lys av byen. Kva seier lidingsforteljinga om denne staden og kva seier denne staden, Stortinget, Plata, avisredaksjonen, Tinghuset om krossen?

Det er kristen tru at Gud handlar i historia – at Gud er i historia – i vår historie. I vår tid. At Gud er synleg i ansikta til fattige, undertrykte og lidande menneske.

Korsvandringa blei runda av med den tradisjonsrike langfredagskonserten. I ti år har Ivar Andresen og Carl Petter Opsahl spela seg gjennom Jesu lidingshistorie med kjente New Orleans-salmar som «In the Garden,» «At The Old Rugged Cross» og «Blood and Tears.»

Langfredag ligg bak oss. No, den komande natta går nokre av oss inn i mørke kyrkjerom. Det er heilt mørkt der inne. Så, omtrent litt over midtnatt så kjem nokon inn med eit påskelys og syng: «Kristus er oppstanden». Om litt syng dei påskelovsongen, Exsultet. Songen finst i ein lang versjon frå 400-talet, men har delar som er enno eldre.

Ein håpssong

Eg synes den delen som handlar om biene er spanande. Songen lovprisar tre element ved sjølve lyset: Voksen, veiken og lyset. Voksen er laga av jomfruelege bier, akkurat som Jesus som er født av jomfru Maria. Ein trudde nemleg heilt fram til ein kunne sjå bia i mikroskop, at bidronninga formeira seg utan å ha sex! Ho var med andre ord akkurat som Maria, Jesu mor. I vår tid gir rapportar om at biene er i ferd med å forsvinne, nye perspektiv på påskelovsangen som ein håpssong som kan styrke livsmotet.

For dei av oss som ikkje var vakne heile natta, eller som vaknar tidlig i morgon, påskemorgon, kan det vere fint å enten springe opp på ein fjelltopp, eller leite etter fylte påskeegg og krype under dyna igjen. Eg et påskeegg med godt i som er gøymt i stova og som vi må leite etter når vi vaknar.

Nokre plassar i landet er det tradisjon å gå opp på ein høgde for å fange sola i det ho stig opp. Det seies at sola dansar påskemorgon! På Jæren brenn dei bål langs stranda påskemorgon. Der er det tradisjon for å dra ned til sjøen å koke påskeegg.

Gjennom det harde skalet, grava, bryt Kristi liv fram.

Sanssynlegvis er det egget, eller kyllingen som kjem ut av egget, som har gitt påsken den gule fargen. Ein europeisk skikk er å måle egga. Det kan vere borna som målar, eller som i Aust-Europa der eggemåling er ein stor kunstart. Vi kan og koke egga saman med urter for å gi farge. Med raudbetar blir det raude egg, løkskal gir ein gulbrun farge, einerkvistar gjer dei brune, i spinatvatn blir dei grøne og med raudkål blir dei lyseblå. Det går an å blåse ut innhaldet i egga og henge dei opp som dekor. I fleire kyrkjer set opp eit tre i kyrkjerommet i påska, eit nake tre som ein heng egg på. I ei kyrkje sette ein for nokre år sidan ei 6 meter høg gråor og etter kvart hang det 300 egg på greinene i alle fargar.

Glad påsk

Egget som symboliserer Jesu oppstode er eit av våre mest utbreidde påskesymbol. Påskeharen er ikkje så utbreidd, men han er også eit gamalt symbol for fruktbarheit. Påskeharen som eggeutleggjar skal ha opphav i gamal keltisk eller tysk folketru, og Osterhase blir nemnt i tekst første gong omkring 1680. Den amerikanske Easter Bunny, eigentleg påskekanin, blei innført av tyske immigrantar på 1800-talet. I desse landa er det tradisjon at borna påskedagen leitar etter påskeegg som påskeharen skal ha gøymt i huset eller hagen.

Fleire kyrkjer har også tradisjon for påskefrukost påskemorgon. Det kan vere stussleg å vere aleine på denne dagen. Ein skikkelig frukost med nysteikte, duftande rundstykke og egg, litt marsipan til slutt kanskje. Om ein ikkje kjem seg til frukost i ei kyrkje, er dette i alle høve noko å invitere naboen på? God påske! Eller som våre svenske venner helser kvarandre: Glad påsk!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"