Påskehilsen fra biskop Kari

Den kristne påskefeiringa er til minne om Jesu liding og død og ho er ei feiring av at livet på denne måten vann over døden, skriver biskopen i sin påskeandakt.

En jente setter en påskelilje opp på et kors. Hun er rundt 4 år gammel, er utendørs og smiler

PESACH – PÅSKE: Ein kamp mellom liv og død som ender med at livet sigrar.

Det hebraiske ordet pesach er opphavet til det skandinaviske ordet påske. Pesach er eit verb som betyr «å gå forbi». Denne dramatiske historia om forbigåing og utferda frå slaveriet i Egypt stammar frå den andre boka i bibelen, den andre Moseboka. Vi kan lese at Moses forhandlar med kongen Farao om at israelsfolket må få sleppe fri. Dei hadde nemleg vore slavar i Egypt i hundrevis av år. Farao blir overbevist om at det er det einaste rette å la dei reise, etter dei ti landeplagene som Gud sendte over Egypt, nokre av dei er jo utfordringar menneska stadig slit med, for eksempel grashoppesvermane som et opp alt graset, for ikkje å snakke om den dødelege pesten i ulike formar.

 

Før den tiande landeplaga fekk israelittane instruksar om korleis du skulle tilberede lammekjøt. Dei skulle ta noko av blodet og stryka på dørstolpane.  Når alle dei førstefødde i Egypt blei slegne hel, vart  israelittane spart. For når Herren såg blodet, ja, då gjekk han forbi, pesach.

 

Det heile er ein del av oppspelet til den dramatiske utferda frå slavekåra gjennom Raudehavet med Faraos hær i hælane, til det lova landet. Denne utferda leia av Moses og Mirjam som slo på trommer, har jødar feira heile tida sida. Det årlege påskemåltidet med urter, usyra brød, lam og beger med vin er eit familiemåltid. For jødar har dette fellesskapsmåltidet vore viktig for å halde på fast eigen tradisjon og identitet. I løpet av måltidet spør det yngste familiemedlemen om kvifor denne natta er ulik alle andre. Som svar fortel den eldste heile den dramatiske historia gjennom heile i måltidets gong.

 

Jesus var jøde og åt også påskemåltid saman med vennene sine. Evangelia i Det nye testamentet fortel at han åt påskemåltid saman med disiplane sine rett før han blei arrestert. Jesus delte brød og vin slik skikken var, og bad dei gjere dette til minne om han. Det er det som er opphavet til at kyrkjer verda over feirar nattverd.

Etter at Jesus vart korsfesta trur kyrkja at han stod opp igjen frå dei døde den tredje dagen.

Den kristne påskefeiringa er til minne om Jesu liding og død og ho er ei feiring av at livet på denne måten vann over døden. Det er altså to viktige historier som er veva saman i den kristne påskefeiringa: Både ein dramatisk utgang og frigjering frå slaveriet og ein kamp mellom liv og død som faktisk ender med at livet sigrar.

 

Påska blir feira på våren, då lyset er i ferd med å vende tilbake for fullt og nytt liv veks fram i naturen. Dei store nordiske påskesalmane handlar ofte om lys og nytt liv, ofte begge delar på same gong. «Påskemorgen slukker sorgen»! Eg trur det er mange av oss som aldri trur så fast og med heile kroppen som når vi syng salmar av full hals. Søk opp «Påskemorgen» og syng med, eller kom til ei kyrkje nær deg!  

Til deg der du er denne påska i 2023: GOD PÅSKE!

 

Påskemorgen

slukker sorgen,

slukker sorgen til evig tid; den har oss givet

lyset og livet,

lyset og livet i dagning blid.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"