Åmli og Gjøvdal sokn

Biskop Stein Reinertsen hadde bispevisitas i Visitasforedreag ved visitas i Åmli- og Gjøvdal sokn 8 - 12. juni 2016. Visitasforedraget som ble holdt i Åmli kirke søndag 12. juni er gjengitt nedenfor. Det er også lagt som nedlastbar PDF-fil under Dokumenter.

Åmli og Gjøvdal sokn

 

Innleiing

 

Kjære kyrkjelydar. Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus. Amen!

 

Ein visitas er ei av de mest verdifulle oppgåvene eg har som biskop. Å vere saman med tilsette og filviljuge i ein kyrkjelyd over fleire dagar og i ulike samanhengar, gjev meg ein kjennskap og innsikt i kyrkja vår og den einskilde kyrkjelyd som er uvurderleg.

 

I visitasmeldinga frå Gjøvdal og Åmli sokn står det at de ser fram mot visitasdagane med spenning og forventing. De har eit ynskje om å vise fram bygda, kyrkjelyden og ikkje minst kyrkjene dykkar. Det har de lukkast godt med.

 

Eg har også gledd meg til, og sett fram med forventing til desse dagane. Takk for den gode måten de har teke imot meg på og delt erfaringar, moglegheiter og utfordringar. Eg ber om og håpar på at visitasen vil inspirere dykk til vidare innsats.

 

Førebuingar

 

Ein visitas er meir enn at biskopen vitjar kyrkjelyden nokre dagar. På førehand skriv sokneprest og kyrkjeverje ei visitasmelding. Dette er ei skildring og ei vurdering av kva som har skjedd sidan førre visitas og av situasjonen i dag. Eg oppmodar dykk til å lese meldinga som er eit offentleg dokument og viktig og interessant for kyrkjelyden.

 

Rådgjevar ved bispedømekontoret, Geir Myre, har saman med kyrkjeverja og prosten vore på synfaring i kyrkjene og på gravplassane. Her ligg det føre ein synfaringsrapport.

 

Prost Ranghild Eikeland Floberg har hatt kontorvisitas og levert ein rapport. Prosten er prosjektleiar for visitasen. Frå bispedømekontoret har kyrkjefagsjef Arve Nilsen vore med under visitasdagane tidlegare i veka.

 

Visitasen starta tysdag med frukost i prestegarden. Eg møtte stab og leiarar i soknerådet og fellesrådet. Saman gjekk vi gjennom programpost for programpost.

 

Kyrkja og kommunen

 

I løpet av ein visitas prøver eg å få i stand eit møte med kommunen. Sjølv om kyrkja er i ferd med å bli løyst frå staten, er det framleis mange band mellom kyrkja og det offentlege. Eg møtte ordførar Reidar Saga, rådmann Christina Ødegaard og einingsleiarar i kommunen.

 

Etter at ordføraren hadde presentert kommunen, snakka vi om kyrkja og kommunen sitt felles ansvar for dei som bur her, og om korleis vi kan samarbeide med kvarandre. Åmli er ein god stad å bu, men også her er det utfordringar. Kyrkja kan bety ein forskjell for mange. Vi snakka konkret om korleis kyrkja med sin diakoni og sine aktivitetar kan bli trekt med og utfordra.

 

Vidare vart det drøfta om ein bør ha faste møtepunkt mellom fellesrådet og kommunen. Sjølv om banda til staten er i ferd med å løysast opp, vil dei økonomiske banda mellom kommunen og kyrkja halde fram gjennom kommunen sine økonomiske forpliktingar overfor den lokale kyrkja.

 

Kyrkja-skulen

 

Ein stor del av torsdagen gjekk med til kyrkje-skulesamarbeidet. Eg vil stadfeste dei gode relasjonane og tradisjonane som de tek vare på. Det gjeld også i framtida å ta vare på dei gode moglegheitene som ein har innanfor dagens ordningar.

 

Eg møte elevar i tre omgangar. Først barnehagen og skulen på Dølemo oppvekstsenter. Deretter 5.-7. klasse og 8.-10. klasse ved Åmli skule.

 

Elevane utfordra meg på følgjande spørsmål: Kva jobbar du med som biskop? Kor har du kontoret ditt? Kvifor går du med ein stor kross? Kva inneber krossen for deg? Kan kvinner bli biskop? Kvifor trur du på Gud? Har du blitt mobba fordi du trur på Gud? Synast du at homofile skal få gifta seg? Er du imot andre religionar? Korleis vert ein biskop? Kvifor brukar du kjole i kyrkja? Trur du at Jesus kjem tilbake til jorda? Har du nokon gong dumma deg ut i kyrkja? Trur du at ein kjem til himmelen, sjølv om ein er slem? Tener du godt? Kva er ditt syn på abort? Kva er det viktigaste i jobben din?

 

Vitjing i bedrifter m.m.

 

For at biskopen skal bli kjent med det samfunnet som den lokale kyrkjelyden er ein del av, legg ein ofte inn besøk i verksemder og institusjonar. Eg hadde spanande vitjingar til fylgjande stader:

 

Først den unike arbeidsplassen Proflex Arbeidsmarkedssenter. Dagleg leier Thorbjørn Claussen og avdelingsleiar Viggo Hansen tok godt imot oss. På spørsmål om kva som var det finaste ved å jobbe der, svarte ein av dei tilsette: «Folka eg jobbar saman med!». Vitjinga vart avslutta med «himmelsk lapskaus» saman med dei fine folka som jobbar der.

 

Vidare vitja vi Hillestad Galleri der tre sysken Hillestad tok varmt imot oss. Vi var også innom Elvarheim der Magnhild Gilje og Bjørg Kleivane delte av sin store kunnskap. Dei viste at «Åmli + bever = sant». Vi rakk også å vitje festivalområdet for «Heimover-festivalen» kor vi møtte Trond Aslaksen.

 

Det er flott å sjå korleis frivillig innsats og dugnad set sitt preg på lokalsamfunnet.

 

Arbeidet i kyrkjelydane

 

Eg har gledd meg over å vere med på gode samlingar i alle dei tre kyrkjene. Morgonbøn i Tovdal kyrkje leia av soknepresten på ein glimrande måte, vart avslutta med at Børuf Ramse

 

fortalte om kyrkja. I Gjøvdal var det country- og gospelkonsert kor organist Salve Kallevig og musikarar formidla kallet frå Gud og det kristne håpet om evig liv. Og no er vi i Åmli kyrkje på visitasgudsteneste.

 

Nokre ord om gudstenesta. De held stand når det gjeld frammøte. De jobbar aktivt med å fornye gudstenesta. Vi snakka om gudstenesta med soknerådet i Gjøvdal.

 

De bur spreidd og har tre kyrkjer og ein prest. Det inneber at det ikkje er gudsteneste i kvar kyrkje på søndagar. Mange gangar har eg spurt meg sjølv: Kvifor set ikkje folk i Noreg seg i bilen ein sundag for å dra til nabokyrkja? Når eg treff kristne frå andre land, fortel mange om fleire timar til fots for å kome til kyrkje. De må til kyrkje! Kor elles møter de fellesskapet med andre som trur og får ta imot Guds kjærleik og tilgjeving gjennom ord og sakrament?

 

Til kyrkjelydsarbeidet høyrer trusopplæringa med. Det er i dag kyrkja sitt eige ansvar å lære sine medlemmer opp til tru. De har funne eit samarbeidsmønster mellom sokneråd, tilsette og det kristne barne- og ungdomsarbeidet i bygda som eg vil rose og oppmuntre til å halde fram med. Det gler meg å sjå at kyrkjelyden og organisasjonane utfyller kvarandre, byggjer på kvarandres erfaringar og arbeider saman.

 

Dette var fredagskvelden på kyrkjelydssenteret eit godt eksempel på. Først hadde vi middag saman med representantar frå ulike kyrkjer, lag og organisasjonar. Deretter temakveld: «Kven er min neste?». Eg vil spesielt takke for at den burmesiske babtist-kyrkjelyden var med. Dei stilte opp med sine burmesiske middagsrettar i tillegg til dei norske hjortekakene. Det må nemnast at både dei burmesiske ungdomane og Simonstad songkor tok oss med storm!

 

Diakoni

 

Ein viktig del av arbeidet i ein kyrkjelyd samlast i omgrepet diakoni. Det er viktig å ha system på kyrkjelydens teneste for menneske som treng ekstra merksemd. Vi hørte korleis kommunen såg moglegheiter for samarbeid her.

 

Det er eit diakonalt ansvar å ta seg av dei som ikkje lenger er i stand til å kome seg til kyrkja. Då må vi som kyrkje gå ut til dei, slik de har tradisjon for. Eg var med på ÅPOS til andakt og songstund. Soknepresten talte over Johannes 1,18 om Jesus som viser oss kven Gud er.

 

Samtale med tilsette

 

Til ein visitas høyrer det med at eg har samtalar med dei tilsette. Regelverket seier at vigsla medarbeidarar skal ha samtale med sin biskop. Desse samtalene er lagt inn i programmet alt etter kor det passar best.

 

Sokneråd – fellesråd

 

I kyrkja vår er soknerådet ein viktig hjørnestein. Den lokale kyrkjelyden og arbeidet i soknet er avhengig av at soknerådet fungerer godt. Det handlar om planarbeid, det handlar om gjennomføring. Samarbeidet mellom råd og tilsette er i stor grad utgangspunktet for arbeidet i kyrkjelyden.

 

I denne samanhengen er det viktig å skilje mellom fellesrådet og soknerådet. Fellesrådet er arbeidsgjevar og har ansvar for bygningar. Vidare skal fellesrådet sørge for at det kjem tilstrekkeleg med økonomiske midlar frå kommunen slik at soknerådet kan gjere jobben sin: «Å nære og styrkje det kristelege livet i soknet».

 

Tema for møtet med Gjøvdal sokneråd var framtida til soknet praktisk og åndeleg i høve til samanslåing. Soknestrukturen er noko som no diskuterast i heile landet. Dette møtet vart leia av soknerådsleiar Ellinor Odland.

 

Oppsummering og utfordringar

 

Eg har under visitasen fått stadfesta at det er mykje godt kyrkjelydsarbeid her. Oppsummeringa og utfordringane som eg vil gje til kyrkjelydane, har eg samla i seks punkt:

 

1. Livet i kyrkjelydane

 

Ein kyrkjelyd i Den norske kyrkja skal i følgje kyrkjelova § 9 ved sine råd og tilsette ha merksemda retta mot alt som kan gjerast for å «vekke og nære det kristelige livet i soknet»:

 

a. Gudstenesta er kyrkjelydens hovudsamling og er for heile kyrkjelyden. Ha fokus på at det er lagt til rette for småbarnsfamiliar i gudstenesta. Er det elles mogleg å utvikle felles gudstenester slik at det blir naturleg å delta på gudsteneste i nabokyrkja?

 

b. Trusopplæring: Kyrkje og heim må stå saman om å formidla kristen kunnskap til nye generasjonar. De har eit godt samarbeid med barne- og ungdomsarbeidet på staden. Både denne og neste helg deltek barn og unge via Dølemoklubben på leir på Evjetun. Hald fast på dette samarbeidet med dei kontinuerlege tiltaka som er i gang.

 

2. Soknestruktur Det arbeidast med soknestrukturen i heile landet. Gjøvdal sokneråd diskuterer dette opent og ærleg. Hald fram med det! Konkluder i god tid før neste soknerådsval om kva som er til det beste for Gjøvdal sokn.

 

3. Kyrkje-skule

 

Det er gode relasjonar mellom kyrkja og skulen i Åmli. De har gode tradisjonar som nesten går av seg sjølv. Eg oppmodar til å halde tradisjonane i hevd og gjerne formalisere dei i ein plan for samarbeidet mellom kyrkja og skulen.

 

4. Kyrkja og kommunen vil også i framtida ha nære relasjonar

 

a. Eg tilrår at de utviklar faste møtepunkt mellom Kyrkjeleg fellesråd og kommunen ved rådmannen.

 

b. Kyrkja er ved sin diakoni, sine aktivitetar og frivillige innsats ein ressurs i kommunen. Hald kontakt med dei kommunale einingane. Finn ordningar for korleis kyrkja sin diakoni og andre aktivitetar kan finne kontaktpunkt med kommunen og deira arbeid med barn, unge og integrering.

 

5. Kultur Eg besøkte Hillestad, Elvarheim og Heimover. De har mange gode kulturelle institusjonar. Sjå etter moglegheiter for samarbeid.

 

6. Våre nye landsmenn Til slutt noko eg nemner for alle kyrkjelydar, nemleg våre nye landsmenn. Møt dei! Lukk dei inn i fellesskapen, og der det er naturleg, inkluder dei i kyrkjelyden!

 

Avslutning

 

Eg dreg frå visitasen i Gjøvdal og Åmli sokn fylt med takk. Eg vil spent fylgje med i kva som skjer her vidare i det eg helsar dykk med Paulus sine ord til kyrkjelyden i Tessaloniki:

 

«Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre. For vår Gud og Fars andlet hugsar vi stadig korleis trua dykkar viser seg i gjerning, kjærleiken i arbeid og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod.» (1. Tess. 1, 2-3).

 

Agder og Telemark bispestol 12. juni 2016

 

Stein Reinertsen, biskop

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"