Eidsborg, Mo og Skafså sokn og Høydalsmo og Lårdal sokn 13. – 18. oktober 2015

Biskop Stein Reinertsen hadde bispevisitas i Eidsborg, Mo og Skafså sokn og Høydalsmo og Lårdal sokn 13. - 18. oktober 2015. Visitasforedraget som ble holdt søndag 18. oktober er gjengitt under lagt til som nedlastbar PDF-fil under Dokumenter.

Eidsborg, Mo og Skafså sokn og Høydalsmo og Lårdal sokn 13. – 18. oktober 2015
INNLEIING

Kjære kyrkjelydar i Eidsborg, Mo og Skafså-, Høydalsmo og Lårdal sokn! «Nåde vere med dykk, og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.»

Eg har gledd meg til å vere saman med dykk i ramma av ein visitas.

Eg har gledd meg og samstundes vore spent. For å visitere ein kyrkjelyd som i så lang tid har vore utan fast sokneprest, er ikkje vanleg. Difor var det med glede eg måndag i veka som gjekk, var med å tilsette prest for desse sokna. Vedkomande har nå takka ja, og i mellomtida gleder eg meg over at Morgan Thorsen er her hos dykk.

Ein visitas opnar for ein djupare kjennskap til kyrkjelyd og samfunn. Takk for at de har vist meg tillit og delt med meg dei utfordringane de har. Det har vore eit ærleg og usminka møte. Slike møte har alltid moglegheiter i seg.

Førre visitas var i 2002. Sidan den gong har vi fått nytt visitasreglement. Den viktigaste endringa er at det er eg som skal sjå og høyre dykk, meir enn at de skal sjå meg. Visitasen er ein synleg del av at eg utøver tilsynet med den lokale kyrkja.

Mykje har skjedd sidan siste visitas. Visitasmeldinga nemner til dømes at frå og med 01.01.2015 er Vest-Telemark prosti ein del av Øvre-Telemark prosti, og prostesetet er flytta frå Dalen til Seljord. Vidare at sokneprest i Høydalsmo og Lårdal sokn og soknepresten i Eidsborg, Mo og Skafså sokn er slått saman til sokneprest i Tokke. Og prestane i Tokke og Vinje er nå eit presteteam.  

I år har kyrkjelyden sett i gang arbeidet med å lage faste rutinar for kor og når det skal vere gudsteneste i dei ulike kyrkjene. Tokke har mange kyrkjer. Kyrkjelyden har lange tradisjonar for å samlast i si soknekyrkje. Utfordringa blir å sjå på kvarandre som eit fellesskap på tvers av soknegrensene, eit fellesskap som har lyst til å ta bilen ein sundagsmorgon for å feire messe saman i nabokyrkja. For å bruke diakon Eilev Erikstein sine ord: «Kjenne gleda ved å vere saman.» Visst ikkje, har fleire av dykk sagt meg medan eg har vore her at messa vil døy ut av seg sjølv. Ein del messer har allereie nå lavt besøkstal, fordi mange berre går til messe ved spesielle høgtidlege hendingar. Det kjem eg litt tilbake til.

Det har vore viktige dagar saman med dykk. Eg ber om at visitasen må bli til inspirasjon i arbeidet vidare.

FØREBUINGANE

Ein visitas er meir enn at biskopen vitjar kyrkjelyden ei lita veke. I forkant skriv sokneprest samen med kyrkjeverje og råd ei visitasmelding. Det er ei utgreiing og ei vurdering av det som har hendt sidan førre visitas og av situasjonen i dag. Eg oppmodar kyrkjelyden til å lese denne meldinga. Det er eit offentleg dokument.

Med ein gong var det fire ting i visitasmeldinga som eg merka meg.

  • Som sagt, lang tid utan fast prest. Den ustabile prestesituasjonen har gjort at sidan mars 2014 har prestetenesta blitt utført av til saman 16 forskjellige vikarprestar og andre.
  • Dykkar kjærleik til dei mange flotte kyrkjehusa.
  • Dykkar innsats i høve til diakoni.
  • Ønsket om at trusopplæring skal gje ny giv i kyrkjelyden.

Vidare har rådgjevar ved bispedømmekontoret Geir Myre, kulturrådgjevar Tone Klev Furnes saman med kyrkjeverje besøkt kyrkjene og kyrkjegardane og levert rapport.

Prost Asgeir Sele har hatt kontorvisitas og levert rapport. Prost Asgeir er òg prosjektleiar for visitasen.

Frå bispedømmekontoret har kyrkjefagsjef Arve Nilsen vore med. Han vil også støtte prosten i oppfølging av visitasen. Undervisningsrådgjevar Maren Ingvaldsen var med i møtet med skulen og diakonirådgjevar Erling T. Jakobsen var med på seminaret om ”Tru og livssyn i helsesektoren” .

GJENNOMFØRING

MØTE MED KYRKJESTABEN

Eg forsøker å starte ein visitas saman med staben. Det er viktig for meg å streke under kor viktige mine medarbeidarar er. Dei er ein resurs saman med råd og friviljuge i Guds rike, som aldri må bli gløymt.

Vi møttest i Høydalsmo Kyrkje. Kyrkjeverjen ønskte oss velkomne og ba ei bøn for visitasen. Etter ein tidleg frukost i Kristiansand, smakte det med bagettar og te. Prosten gjekk så gjennom visitasen post for post.

I tillegg til å møte staben samla, har eg under visitasen samtale med tilsette som er vigsla, enkeltvis og med andre tilsette og aktive som ønsker ein samtale.

ALDERSHEIMANE

Når menneske ikkje kan kome til kyrkja, er det i kyrkja sitt vesen å vitje dei med ordet og sakrament. Eg har vore både på Høydalsmo Alderspensjonat og Tokke helsesenter. Vi blei møtt av leiinga som saman med friviljuge hadde gjort i stand til andakt og kaffi. På helsesenteret møtte eg også kanskje landets første institusjonsdiakon, Bjørg Abusland som nå er pensjonert.

Det er viktig å besøke aldersheimane. Eg håper òg at de har høve til heimebesøk hos dei som ikkje bur på ein heim, men bur heime.

BEDRIFTSBESØK, VEST-TELEMARK MUSEUM.

Visitasreglementet oppmodar til å vitje lokale bedrifter. Ei slik vitjing gir ofte nyttig informasjon om lokalsamfunnet. Kombinert med formiddagsbøn i Eidsborg stavkyrkje, var bedriftsbesøket lagt til Vest-Telemark museum.

Det var eit vellukka val av bedrift. Det var midt i blinken å bli lost gjennom dykkar lokale historie av museumsdirektør Dag Rorgemoen. Ganske mykje av historia er dokumentert gjennom dei lokale kyrkjehusa og av kyrkjene sitt inventar.

DIAKONI.

De vil diakoni. Som dei fyrste i landet utvikla de prostidiakonstillinga. Nå har fleire følgt etter.

Mange i Tokke har møtt Guds ord gjennom kyrkja sin diakoni. Konfirmantane sin fasteaksjon har gjort det mogeleg for andre langt borte frå oss å gå på skule, drikke reint vatn og så bortetter. Sjølv fekk eg gå nokre skritt saman med ei «Gå vidare gruppe».   

Her må eg òg nemne seminaret «Tru og livssyn i helsesektoren - fagseminar for helsepersonell» som var lagt til visitasen. Omlag 30 helsearbeidarar deltok på seminaret. Prostidiakon leidde seminaret. Diakonirådgjevar ved bispekontoret Erling Jakobsen hadde tema «Rett til eiga tru og livssynsutøving». Eg hadde som tema «Kyrkja som resurs og samarbeidspart for å ta vare på pasientars livssyn.» Deretter var det samtale om kvart menneske sin rett til eige trusliv og trusutøving, òg når dei sjølve ikkje er i stand til å leggje til rette for det.

SOKNERÅDA   

Sokneråd og Kyrkjelege fellesråd er viktige for vår kyrkje. Dei er ei av grunncellene i kyrkja sin organisasjon. Eg veit at det heiter sokneråd. Eg lover at sjølv om eg held føredraget på mitt eige talemål, skal det offisielle føredraget som blir sendt saman med protokollen for visitasen, vere på nynorsk.

Tilbake til råda. Plan og strategi blir lagt her. Og eg seier til dykk. Ver takknemlege for dei som sit i råda. Ta dei med i dykkar bøner. Støtt dei. Tal vel om dei. Tenk ikkje at det er ”dei i rådet”, men sei til dykk sjølve og til andre: “Vi i kyrkja er så heldige at vi har råd som vil vekke og nære det kristne livet i kyrkjelydane våre, og vi står saman med dei.”

De har valt nye sokneråd. Dei har ikkje konstituert seg enno. Eg møtte dei to råda «Eidsborg, Mo og Skafså» og «Høydalsmo og Lårdal» til felles møte i Lårdal. Først var det middag før trosopplæring, diakoni og prestesituasjonen blei drøfta. Eg lærte mykje om korleis det er å drive kyrkja i Vest-Telemark.

Første dag blei avslutta med kveldsbøn i Lårdal kyrkje. Ei flott kyrkje og møtestad mellom himmel og jord. Det er godt å avslutte dagen med å leggje kvarandre i Guds hender og ta i mot Guds nåde i Herrens hus.  

KYRKJE OG SKULE

Når det lar seg gjere, møter eg skulen under ein visitas.

På Vest-Telemark vidaregåande møtte eg rektor Tove Palmork Haavelmoen. Ho gav eit spennande blikk inn i verdiane skulen blei styrt etter. Eg møtte òg klasse 3 A som hadde gode spørsmål til meg om det å vere biskop.

I Dalen barnehage ønskte styrar Dagny Skjelbreid velkomen. Eg synte prestekjolen og bispekåpa. Barna song. Eg blei til og med invitert til gebursdagsfest av Kari.

På Høydalsmo skule blei eg møtt av Tiril Skogsrød og Hans Christian Erikstad, to representantar frå elevrådet. Saman med rektor Åshild Emma Solbjør og inspektør Aslaug Helene Erikstad viste dei fram skulen og arealet utanfor før eg møtte ungdomsskulen til spørsmål og samtale.  

Eg hadde unnt dykk alle å vere der. Det er spennande å sjå kva dei unge er opptekne av. Det er viktig å våge og å ville stille dei viktige spørsmåla. På vidaregåande blei eg mellom anna spurt om der var eigne krav til livsførsel for ein biskop med spørsmålet «Er der ein eigen biskop-promille?» På Høydalsmo fekk eg spørsmålet. «Har du vore kristen heile livet?» og «Kor mykje har spørsmålet om homofili å gjere med eins tru?» Då eg spurte tilbake om kva kyrkja kan gjere for dei, svara ein på vidaregåande: «Vere der når menneske slit!»

I tillegg til å møte elevar, møtte eg leiarar i barnehage og skule. Eg møtte pedagogiske rådgjevarar for skule og for barnehage, leiar for kulturskulen, Tokke og Høydalsmo skular.

Eg vil gjerne stadfeste eit godt samarbeid mellom kyrkje og skule her i Tokke. Samtalen gjekk mykje på om mogelegheitene som regelverket i dag opnar for når det gjeld samarbeid mellom kyrkje og skule til beste for elevane. Vi snakka mellom anna om korleis kyrkja kan vere ein resurs for skulen i det å nå skulen sine kompetansemål. Ut frå dei gode resursane som Tokke har, både i dei mange kyrkjehusa, museet og ikkje minst i dei tilsette og kyrkjelyden sitt diakonale arbeid, er eg ikkje i tvil om at alt ligg til rette for eit godt samarbeid vidare.

KYRKA OG KOMMUNEN   

Som vanleg i ein visitas var det eit møte med kommunen. Eg møtte ordførar Jarran Felland og rådmann Britt Hauge som hadde med seg gullrekka, det vil seie teknisk sjef, oppvekstsjef, helse og sosialsjef, personalsjef, økonomisjef og plan og næringssjef. Frå kyrkja møtte kyrkjeverje, leiar av Kyrkjeleg fellesråd, vikarprest, diakon, prost og oss frå bispekontoret.

Det er tydeleg at kommune og kyrkje kjenner kvarandre, og veit at eit godt forhold mellom kyrkje og kommune er til beste for lokalsamfunnet.

Utfordringane knytt til drift er store for ein kommune med så mange kyrkjebygg som har status som verneverdige, og ikkje minst der ein òg har ei stavkyrkje som med faste mellomrom skal tjærast.

Prosten orienterte om organiseringa av prestetenesta i Tokke og Vinje.  

Det blei òg snakk om friviljug innsats og at vi i stigande grad vil bli avhengig av det friviljuge for å halde oppe velferdssamfunnet. Kyrkjelydens diakoni viser korleis fagleg kompetanse og vilje til å satse midlar til ei stilling utløyser engasjement i ein kyrkjelyd til beste for lokalsamfunnet.

Det blei òg snakka om at samfunnet endrar seg heile tida. Ordføraren nemnde at mange samarbeidsprosjekt i Telemark gjekk meir mot aust enn mot sørvest. Det var ofte lengre til Kristiansand enn til Drammen. Han oppfordra biskopen til å ha fokus på Telemark. Det kan eg love at eg vil. Takk for at de tok imot oss og takk for ein open og konstruktiv samtale. Eg gjentar: Eg skal gjere mitt til at eg ikkje gløymer denne delen av bispedømmet.

DEI MANGE FLOTTE KYRKJEBYGG OG KYRKJEGARDAR

Bortsett frå Mo kyrkje, fekk eg sjå innom alle kyrkjehusa. Stabsmøte i Høydalsmo, kveldsbøn i Lårdal, songkveld med kveldsmat i Skafså, konfirmantsamling i Skafsåheii og nå kulturhuset i Dalen. Til saman ein stor kulturskatt. Desse historiske bygga er framleis møtestad mellom Gud og menneske. Både den gode dagen og den vanskelege dagen har kyrkja sin plass i menneska sitt liv. Ta vare på kyrkjene! Bruk dei! Eg ser at de er stolte av dei og glade i dei.

TRUSOPPLÆRING

Som eit av dei siste prostia i bispedømmet er de nå inne i trusopplæringsreforma. Kyrkja er sjølv ansvarleg for at døypte får den opplæring til tru som ligg i Jesu ord når han seier: “Døyp og lær!”

Det blir spennande å fylgje med i kva de endar på når de skal konkretisere dykkar lokale plan. Eg har notert at målet er å leggje fram ein lokal plan for Tokke sommaren 2016. Eg var jo så heldig å møte ein del av trusopplæringsarbeidet då eg møtte konfirmantane og føresette fredag kveld i Skafsåheii fjellkyrkje. Der blei vi tatt med på leir og pilegrimsvandring. Igjen møtte eg ein stab, kyrkjeverje, organist og diakon som saman med årets konfirmantlærar Gunnstein Seltveit tok ansvar.

Trusopplæring er viktig for kyrkja framover.

OPPSUMMERING

Å møte kyrkjelydar ope og ærleg inspirerer meg. Eg vonar og trur at planane dykkar lukkast. Vi har ingen garanti for at det blir enklare å vere kyrkje i tida som ligg føre, men vi har lovnaden om at Jesus Kristus vil gå med oss.

Skal ein nå måla, må de stå saman om dei store oppgåvene. Råd og utval, friviljuge leiarar, tilsette på kontoret og på kyrkjegardane må dra saman og kjenne at vi eig saman det som skjer. Vi er alle lemmer på den same kroppen.   

Ein visitas er ikkje over når eg dreg. Det er på ein måte nå det startar. Målet er at visitasen kan støtte dei gode prosessane og sette i gong nye om nødvendig. Difor har eg nokre konkrete utfordringar til dykk etter visitasen her.

OPPSUMMERING – UTFORDRINGAR

Eg har fått stadfesta to sokn med vilje til tru og handling og som samstundes kjenner på at vi skulle gjerne vore fleire som i den daglege drifta tok ansvar og ikkje minst kjenner gleda ved å kome saman, òg på tvers av gamle soknegrenser.

Vest-Telemark har gått føre tidlegare når det gjeld samarbeid. Det ser vi ved prostidiakonen og nå i høve til trusopplæring. Fortsett med samarbeid når høvet er der.

Eg har møtt to kyrkjelydar som vil vidare med evangeliet om Jesus. Eg vonar mine utmaningar kan spore til målretta arbeid for Guds rike.

Eg meiner å merke ein ny optimisme, nå som de har fått ny trusopplærar og prestekabalen har fått ei løysing.

Difor mine utmaningar:

  1. Skulen! De har eit ope samarbeid med skulen. Eg utfordrar dykk til å formalisere ein plan for samarbeidet.  
  2. Trusopplæring. De er i planleggingsfasen. Sørg for at trusopplæringsplanen som de skal vedta er mogeleg å gjennomføre både med omsyn til økonomi og menneskelege resursar. Samstundes er det viktig at planen seier kva som skal bli lært. Trusopplæring er heile kyrkjelyden sitt ansvar. Alle tilsette, alle heimane og alle friviljuge har ansvar for at den kristne kunnskapen blir ført vidare til døypte barna i kyrkja vår. Difor må trusopplæring vere med å prege alt arbeid.  
  3. Gudstenesta eller messa. De har fortalt ope at på ein vanleg sundag er det ikkje dei store massane som kjem. Finn ut kva de vil med messa! Kor skal messa vere? Korleis kan stab og friviljuge arbeide saman om gudstenesta? Kva skal til for å kjenne gleda ved å kome saman?
  4. Diakoni. Fortsett det gode arbeidet som allereie er. Eg oppmodar sokneråda til å opprette eit felles diakoniutval som enklare kan ajourføre diakoniplanen til sokna.
  5. Så oppmodar eg kyrkjelydane til å følge opp overfor Vest-Telemark museum når det gjeld reformajsonsjubileet som kjem i 2017.  
  6. Samstundes som eg stadfestar dei gode relasjonane med kommunen, vil eg minne om kor viktig det er med faste møtepunkt og oppmode kyrkja og kommunen til å sjå kva kan gjerast i samarbeid med andre sokn og kommunar som har stavkyrkjer.  
  7. Til sist. Våre nye landsmenn i kyrkjelydane. Flott at de har Fisaid i språkpraksis. Fortsett med å arbeide for å integrere våre nye landsmenn i kyrkjelyden.  

AVSLUTNING

Eg reiser frå visitasen i Tokke, fylt med takk og eg helsar dykk med Paulus ord til kyrkjelyden i Tessaloniki: ”Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre. For vår Gud og Fars andlet hugsar vi stadig korleis trua dykkar viser seg i gjerning, kjærleiken i arbeid og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod.” (1.Tess.1.2-3) 

Agder og Telemark bispestol 18. oktober  2015

Stein Reinertsen biskop

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"