Oppdatert Koronainformasjon - lette i smitteverntiltaka

Frå 20. juni kl. 12 gjeld bl.a at fleire kan delta på arrangement, sommarleir/konfirmasjonsleir, fritidsaktivitetar for vaksne i grupper og på private samlingar i leigde eller lånte lokale. Einmeters-regelen vil framleis gjelde på arrangement, både for vaksinerte og uvaksinerte.

I denne artikkelen finn du biskopen sine råd og pålegg for kyrkja i Bjørgvin, basert på retningsliner og tilrådingar frå helsestyresmaktene.

Dei viktigaste endringane gjeldande frå 20. juni:

Fleire deltakarar på arrangement

No er det tillate med inntil 400 personar fordelte på to kohortar à 200 personar utan faste tilviste plassar innandørs. Med faste tilviste plassar er grensa 1000 personar fordelt på to grupper á 500. Det er no òg lov å samla fleire på utandørsarrangement. Avstandsregelen gjeld framleis, uavhengig av vaksinasjonsstatus og koronasertifikat.

Fleire deltakarar og større grupper på leir:

Smittevernveilederen er oppdatert i tråd med FHIs oppdaterte rettleiing om fritidsaktivitetar av lengre varigheit (som leir). Det blir mellom anna anbefalt at leiren har maks 300 deltakarar, og at deltakarane blir delte inn i grupper på 40 deltakarar.

Blir opna for auka nærvær på jobb

Fleire kan venda tilbake til kontoret. Helsestyresmaktene anbefaler no berre delvis heimekontor og/eller fleksibel arbeidstid. Det kan vera lokale variasjonar ut i frå smittetrykk. Det skal framleis vera mogleg å halda 1 meter avstand for alle, men personar som er verna treng ikkje halda avstand til andre på arbeidsplassen med unnatak av personar i risikogrupper.

Avstand ved fritidsaktivitetar

I samband med fritidsaktivitetar, er det no unntak frå oppmodinga om å halda avstand dersom det er nødvendig for å gjennomføra aktiviteten. Det gjeld òg vaksne. Merk at dette ikkje gjeld arrangement, der det framleis blir stilt krav til arrangør om å sikra avstand mellom deltakarar som ikkje bur saman.

Dei nasjonale reglane gjeld der det ikkje er strengare lokale restriksjonar. Følg med på informasjon frå din kommune.

Smittevernrettleiar

Kyrkjerådet, Bispemøtet, KA og styret i Norges kirkevergelag har saman laga smittevernrettleiaren for kyrkjene. Klikk her for å finna oppdatert smittevernrettleiar. Det er viktig at alle tilsette set seg godt inn i den oppdaterte versjonen av denne.

Smittevernet ved verksemd i Den norske kyrkja byggjer på fem hovudprinsipp:

  1. Sjuke personar skal ikke delta på fysiske samlingar.
  2. Gode rutiner for hygiene, handvask og reinhald.
  3. Minst mogeleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  4. God avstand mellom alle som deltek.
  5. Tilstrekkeleg bemanning.

Nyttige lenker

 

[Missing text '/cookieconsent/missingConsentSharing' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)'][Missing text '/cookieconsent/missingConsentMessageFunctional' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)']

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"