Corona-beredskap i Bjørgvin

Bjørgvin bispedøme følgjer nøye med på utviklinga av corona-smittesituasjonen i bispedømet, og viser til dei råd og retningsliner som blir gitt av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Her kjem ein del lokale råd for Bjørgvin.

God handhygiene er eitt av dei viktigaste smitteverntiltaka. (foto: Pixabay_J Kerner)

Oppdatert 16. juni 2020

Smittevernrettleiar
Kyrkjerådet, Bispemøtet, KA og styret i Norges kirkevergelag har samarbeida om ein samla smittevernrettleiar for kyrkjene (sjå lenke nedst på sida).

Smittevernet ved verksemd i Den norske kyrkja byggjer på fem hovudprinsipp:

  1. Sjuke personar skal ikke delta på fysiske samlingar.
  2. Gode rutiner for hygiene, handvask og reinhald.
  3. Minst mogeleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  4. God avstand mellom alle som deltek.
  5. Tilstrekkeleg bemanning.

Noko av det som er nytt

  • Inntil 200 personar kan no delta (i tillegg til medverkande), så lenge alle kan halde minst ein meter avstand.
  • Opning for leir og andre skuleliknande fritids- eller ferietilbod for born og unge under 20 år med eige unnatak frå avstandsreglane
  • Opning for kyrkjekaffi med oppdaterte råd om matservering
  • Opning for bruk av salmebøker, så lenge det går minst eitt døger mellom kvar bruk
  • Oppdaterte råd om opne kyrkjer og omvisningar
  • Eigne ressursdokument om konfirmasjon og tilrettelagde fellesskap for personer med behov for assistanse

Gudstenester

Det kan no opnast for inntil 200 til stades, men i praksis vil det vere færre. Med ein meters mellomrom vil dette variere frå kyrkje til kyrkje. Medlemmer frå same husstand kan sitta saman. Sjå lokale nettsider og facebookgrupper for kva tid det er gudstenester.   

All aktivitet i kyrkjene må vere i tråd med den smittevernrettleiaren som Kyrkjerådet og KA har utarbeidd, sjå lenke nedst på denne sida. 

Dåp
Det vert oppmoda til å prioritere å gjennomføre dåp. Det kan vere lokale forskjellar på om dette vil skje i høgmessa eller som eiga samling. For å melde dåp, ta kontakt med din lokale kyrkjelyd.

Gravferd
Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell. Både inne og på gravplassen skal det vera maks. 200 til stades som skal ha minst ein meter avstand mellom kvarandre, med mindre kommunelegen har sett strengare grenser.

Vigsler
Vigsler (bryllup) kan gjennomførast på same måte som ved andre kyrkjelege handlingar.

Konfirmasjonsgudstenestene

Det er opp til kvart sokneråd å fastsette konfirmasjonsdatoar.

Oppstart av neste års konfirmasjonsundervisning må og ta omsyn til dette og kan verte noko utsett. Igjen er det lokale vurderingar for korleis dette blir best mogleg for alle partar.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"