Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Corona-beredskap i Bjørgvin

Bjørgvin bispedøme følgjer nøye med på utviklinga av corona-smittesituasjonen i bispedømet, og viser til dei råd og retningsliner som blir gitt av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Her kjem ein del lokale råd for Bjørgvin.

Oppdatert informasjon frå Bjørgvin bispedøme om tiltak for å verna folk mot Corona-smitte pr. 27 . mars kl. 12:45. Biskopen i Bjørgvin har følgjande pålegg, som inntil vidare gjeld til og med 2. påskedag, 13. april:

Gudstenester

Det som er av gudstenester no, er på nett, ikkje i kyrkjene. Alle gudstenester i kyrkjene er for tida avlyste.

Gudstenester i påska

Denne påska vil gudstenestene i hovudsak foregå via TV, radio og på nettet.

Det blir ikkje ordinære gudstenester i kyrkjene i påska.

NRK har som vanleg gudstenester som går både på radio og TV. Bjørgvin bispedøme viser også til at Den norske kyrkja sentralt og i mange av kyrkjelydane lagar ulike alternative tilbod på nettet, også i samband med kyrkja sine viktigaste merkedagar. Sjå lokale nettsider og facebookgrupper og oversyn på våre nettsider (kjem 26. mars).

Gravferd

Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell med næraste pårørande til stades. Både inne og på gravplassen skal det vera maks. 20-25 personar som skal ha minst to meter avstand mellom kvarandre, med mindre kommunelegen har sett andre grenser.

Dåp

Dåp kan gjennomførast dersom det særleg grunn til det, i samråd med kommunelegen. Heimedåp kan vere eit alternativ.

Vigsler

Vigsler (bryllup)  kan gjennomførast dersom det er særleg grunn til det, i samråd med kommunelegen. Kontorvigsel kan vere eit alternativ.

Konfirmasjonsgudstenestene

Kyrkjerådet og bispemøtet ber kyrkjelydane om å utsetja vårens konfirmasjonar til etter sommarferien.(Sjå eiga sak)

Kyrkjelydane tek kontakt med konfirmantane når det er klart kva som skjer vidare med konfirmantundervisning og evt. med førebels dato for konfirmasjonsgudsteneste når dei har dette klart

Biskopen anbefalar at helga 5. - 6. september blir første mogelege dato for konfirmasjonsgudstenester. Det blir imidlertid opp til kvart sokneråd å fastsette konfirmasjonsdatoar.
Uansett må vi ta atterhald om at styresmaktene sine retningslinjer kan medføre at konfirmasjonsgudstenestene må utsetjast ytterlegere.

Sjukeheimar

Særs mange sjukeheimar har no stengt for besøk utanfrå. Ingen bør oppsøke sjukeheimane utan å ha undersøkt på førehand om dei er velkomne.

Heimekontor

Så langt det er mogeleg, bør alle tilsette i kyrkja nytte heimekontor. Eventuelle møte bør gjennomførast via telefon, Skype el.liknande.

Tilsette

Følgjande pålegg er gjeve for kyrkjeleg tilsette innan Bjørgvin bispedøme, samordna med både prestetenesta og dei lokalt tilsette.

  • Tilsette skal ikkje handhelse verken i gravferd eller gudstenester.
  • For å redusere fara for smitte, kan ein også oppmode om å ikkje gje kondolansar ved grava.
  • Prestesamlingar (konvent), tekstgjennomgang og andre samlingar der alle prestane i prostiet er til stades, blir avlyst inntil vidare. Dette for å unngå at alle prestane i eit prosti risikerer å bli sett i karantene. Samlingar i arbeidvegleiing (ABV) blir også avlyst inntil vidare.
  • Når ein tenkjer å samla fleire tilsette på same stad, må ein vurdere risikoen på kva som skjer om alle kjem i karantene.
  • Personar som gjer teneste på sjukeheimar og andre institusjonar skal framleis følgje dei reglane og retningslinjene som gjeld for helsepersonell. Mange sjukeheimar er no stengt for besøk. Undersøk på førehand om du får komma på besøk.

Bispedømet har sett ned ein krisestab med Biskop Halvor Nordhaug, domprost Gudmund Waaler, prost Kristin S. Litlere, personalrådgjevar Christer Olsen og stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit som medlemer.

Biskopen i Bjørgvin har jamleg kontakt med prostane og kyrkjeverjene om stoda,  med omsyn til kva tiltak ein må vere budd på å setje i verk rundt gudstenester og kyrkjelege handlingar i dei lokale kyrkjelydane.

Vi vurderer situasjonen fortløpande og nye tiltak vil komme i tråd med utviklinga.  Det er kommunelegen som bestemmer retningslinjer og tiltak lokalt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"