Dagleg bøn kl. 12.00 her

Bli med på bønefellesskap i Bjørgvin alle dagar mandag - lørdag kl. 12.00 i tida framover til og med laurdag 9. mai. Då blir det overført ei bønestund med ein kort andakt på nettsidene våre. Biskopen oppmodar til lystenning og bøn i kyrkjelydane samstundes. Rull nedover på sida for å finna dagens andakt. Det ligg lenke til tidlegare andakter og til manus frå og med 2. april nedst på sida.

Dagens bøn frå Skjold kirke

- Lat oss gjera det som er normalt i unormale tider - lat oss be, sa biskopen i den første andakten av ei rekkje som no blir sendt kl. 12.00 kvar dag mandag - laurdag.

Frå 30. mars blir andaktene sendt frå Nykirken i Bergen. I "den stille veka" sender vi 6. - 8. april.

I eit brev som vart sendt kyrkjelydane via prostane, oppmodar biskopen prestane, andre tilsette og soknerådsmedlemene i Bjørgvin om å tenna et lys kvar dag kl. 12.00 og be for kyrkjelydane.

- På denne måten kan vi skape ei virtuell samling for heile bispedømet kl. 12 kvar dag, med ei felles bøn som mange tek del i, skriv biskopen.

Andakten vil du finna på framsida av Bjørgvin bispedøme sine nettsider.

Nedanfor ligg ein del av dei tidlegare sende andaktene. Nokon er fjerna etter ei veke pga copyright.

Manus til ein del av andaktene frå og med 2. april finn du også her og i kommentarfeltet på vimeo og facebook der andaktene blir lagt ut.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"