Kyrkjevalet i Bjørgvin - desse kan du stemma på

Medlemer av Den norske kyrkja frå det året dei fyller 15, kan vera med på å bestemme kven som skal sitje i Bjørgvin bispedømeråd og Kyrkjemøtet i perioden 2019 – 2023. I valet til nytt bispedømeråd er det i Bjørgvin bispedøme tre lister å velje mellom. Les om kandidatane og valet 9. september her.

Vanlege medlemer av Den norske kyrkja kan stemma både på det lokale soknerådet/menighetsrådet og det regionale bispedømerådet som også utgjer Bjørgvinbenken på Kyrkjemøtet.

Bjørgvin bispedømeråd blir valt for fire år. Medlemene i rådet representerer også Bjørgvin i det årlege Kyrkjemøtet. Rådet har 10 medlemer, sju av dei er vanlege (leke) kyrkjemedlemer, ein er prest, ein er lek kyrkjeleg tilsett og så er biskopen fast medlem. 

I Bjørgvin er det tre lister som stiller til val av vanlege (leke) kandidatar til bispedømerådet. To av dei, Bønnelista og Open folkekyrkje, har eigne program som er felles for kandidatane. Den tredje lista, Nominasjonskomiteens liste, er ei liste sett saman av ein nominasjonskomite med eitt medlem frå sokneråda i kvart prosti og ungdomsrådet i bispedømer. Kandidatane på den lista skal representere ei breidde i synspunkt.

Her finn du ein kort presentasjon frå kyrkjevalet.no av alle kandidatane som stiller til val til Bjørgvin bispedømeråd.

Nede på sida finn du også brosjyrar med oversyn over alle kandidatane.

For meir informasjon om kva listene og kandidatane står for, må du lesa det som står på listene sine eigne nettsider, her presentert i alfabetisk orden:

Bønnelista

Nominasjonskomiteens liste

Open folkekyrkje

 

Kven kan stemme?

Medlemer av Den norske kyrkja har stemmerett frå det året dei fyller 15 år. Du må vere døypt for å vere medlem i Den norske kyrkja. Nesten 3,1 millionar menneske har stemmerett ved Kyrkjevalet i 2019. Tilsette i kyrkja har eigne val, sjå nedanfor

Når og kvar er det val?

Kyrkjevalet blir halde (8. og) 9. september 2019, samtidig med kommunestyre-/fylkestingsvalet. Kyrkjevalet finn stad i eit lokale nær det offentlege valet. Du kan også stemme på førehand frå 10. august. Alle med stemmerett får i august eit valkort i posten med informasjon om kvar og når dei kan stemme.

Kven kan du stemme på?

Du stemmer på kandidatar til soknerådet og til bispedømerådet/Kyrkjemøtet. Kandidatane blir valde for ein periode på fire år. Ved val til sokneråd er det dei fleste stader berre ei valliste. I valet til nytt bispedømeråd er det i Bjørgvin bispedøme tre lister å velje mellom.  Alle kandidatar, både til sokneråd og bispedømeråd, kan du finna på kyrkjevalet.no

Kva gjer kyrkjemøtet?

Kyrkjemøtet er «kyrkja sitt storting», og det øvste organet i Den norske kyrkja. Her blir alle bispedømeråd samla i ei veke kvart år. Kyrkjemøtet bestemmer ordningar og liturgiar, og i den komande perioden vil det bli viktige saker om kyrkja si organisering.

Kva gjer bispedømerådet?

Bispedømerådet er det regionale styringsorganet i kyrkja. Rådet tilset prestar og er arbeidsgjevar for desse og enkelte andre. Det arbeider for samordning av det kyrkjelege arbeidet i dei mange kyrkjelydane i bispedømet. Medlemene i bispedømeråda utgjer samla Kyrkjemøtet.

Kva gjer soknerådet?

Arbeidet til soknerådet spenner over mange tema. Det kan vere barne-og ungdomsarbeid, juss og økonomiforvaltning, tilsetjingar, gudstenester, miljø og rettferd, omsorg, musikk og misjon. Råda skal sørgje for vekst og næring til kyrkja og lokalsamfunnet der du bur.

Tilsette i kyrkja har eigne val

All informasjonen ovanfor gjeld vanlege (leke) medlemer av kyrkja. Tilsette har eigne val, eit for prestar og eitt for andre (lek tilsette)

Korleis stemme 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"