Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kystpilegrimsleia opnar

I juni månad vart mellomalderen si seglingslei langs kysten, Kystpilegrimsleia, opna. Tradisjonsbåten R/S Risør II segla frå Eigersund i sør til Nidaros i nord. Undervegs var det markeringar fleire stader. På Selja vil H.M. Dronning Sonja markera opninga 8. juli.

Riksantikvaren, fylkeskommunar og fire bispedøme har stått saman i arbeidet med leia, som no er godkjend som nasjonal pilegrimsveg og del av dei europeiske kulturvegane.  Alle interesserte, kystfolk, kyrkjefolk og alt godtfolk har vore inviterte til å delta på den store festen langs den vakre Vestlandskysten.

Det var eigne markeringar her:

Moster – tirsdag 5. juni

Halsnøy Kloster – onsdag 6. juni

Bergen - laurdag 9. juni

Kinn/Kinnaspelet - laurdag 16. juni

Selja kloster – sundag 8. juli kl. 11:30