Alle som er tilsett av bispedømerådet og fellesråda i Bjørgvin bispedøme samlast til to innhaldsrike dagar.
Vi håpar på over 500 deltakarar, som på stiftsdagane i 2017 og 2019.
Vi skal endeleg få møte kvarandre! Vi skal samlast for å «våge, tru og bevege» oss framover, som kyrkje. I «Frivillighetsåret» vil og samspelet med og utrusting av frivillige medarbeidarar vere eit viktig tema.
Temaet «Våge, tru og bevege» er henta frå det nye medarbeidarheftet til Bjørgvin bispedøme og er del av bispedømet sin strategi.
Stad: Quality hotell Edvard Grieg på Sandsli/Bergen.
Tid: Onsdag 8. juni kl. 10.30 - torsdag 9.juni kl. 15.30.
Program: Det vil kome detaljar om programmet på denne sida seinare.
Bidragsytarar:
- Carl Størmer, musikar og føredragshaldar med band - Jazzcode-prosjekt (føredrag og konsert)
- Åste Dokka, prest og forfattar
- Irene Kinunda Afriyie, kunstnerisk konsulent mm., «Fargespill»
- Henrik Engelbrekt Refshauge, generalsekretær, Mission Afrika
- Sunniva Gylver, prest og forfattar.
-
m.fl.
PÅMELDING
Frist: 22. februar. Påmelding skal skje individuelt, og skal vera avklart med leiar. Påmeldinga er bindande. Påmeldinga gjeld heile arrangementet, inkl. middag 8. juni. Det er ikkje råd å melda seg på delar av arrangementet.
REISE
Det vert oppmoda til å reise kollektivt eller samkøyring