Vi vonar at du vert inspirert og at du kan oppleve å vere ein del av eit større fellesskap på tvers av soknegrensene i heile Bjørgvin (Vestland fylke).
Det er så mange flotte og dyktige ungdomsleiarar i bispedømet vårt! Det er godt å kunne sjå og treffe andre som held på med det same som deg. Kanskje er du ny i det å vera med i ei kyrkje?
På konferansen vil de få vere saman med "Sammenteamet" som har vore ute i kyrkjelydane i heile haust og vår. Vi skal sjølvsagt leike, ha workshops, ete god mat og ha gode samtalar. På laurdag vil vi ha ungdomsting. Det er kyrkja sitt eige ungdomsdemokrati som vel eit ungdomsråd. Det er ungdomsrådet som arrangerer konferansen. Vi vil også arbeide med nokre viktige spørsmål som angår dei unge i kyrkja. Vil du vera med å påverke, så har du sjansen til det her.
Sett av 19. - 21. august. Vi startar kl 18.00 fredag 19. og sluttar søndag 21. kl 13.00 i Ytrebygda kyrkje i Bergen.
Pris: 1000 - pr. deltakar. Dette inkluderer program, mat, snacks, to overnattingar på Scandic Kokstad hotell (2-3 mannsrom).
Kr 800 for dei som er delegatar på ungdomstinget frå sokna. Under Veikryss på laurdag frå kl 15-18 vil UNGDOMSTINGET bli halde. Her kan kvart sokn sende to delegatar med stemmerett. Dei som ikkje har stemmerett som delegatar, kan også vera med på ungdomstinget, men då som observatør.
Det er vanleg at soknerådet dekker avgifta for dei som skal vere delegatar, sidan dette er ein del av den offisielle kyrkja sitt ungdomsdemokrati, men vi oppmodar kyrkjelydane til å dekke kostnaden for alle dei som ønskjer å reise på Vegkryss. Ta kontakt med nokon tilsette i soknet ditt. Tilsette som fylgjer sine deltakarar er gratis.
Det vil vere mogeleg å vere med på Vegkryss og bu heime, då kostar det 500,- pr. deltakar for mat og program (ikkje frukost).