Det har vore ope for alle som ønskjer det å foreslå namn på personar dei meiner bør bli biskop i Bjørgvin. Det har kome inn forslag på til saman 96 ulike namn på personar som kvalifiserer til å kunna bli biskop. Dei fleste namna har kome inn via eit digitalt skjema på nettet, anonymt.
Eigenskapar
Bispedømerådet har også bede forslagsstillarane seie noko om kva eigenskapar dei meiner er viktige hos ein ny biskop i Bjørgvin. Blant dei eigenskapane som flest la vekt på, finn vi «gode leiareigenskapar», «flink i møte med menneske», «dyktig teolog», «god til å formidle evangeliet i folkekyrkja» og «evne til å kommunisere i det offentlege rom».
Sokneråd og tilsette har fått invitasjon til å foreslå kandidatar. I tillegg har eit digitalt skjema og invitasjon vore ope tilgjengeleg på nettsida til Bjørgvin bispedømeråd og kunngjort i ulike kanalar.
Skal enda opp med fem kandidatar
Bjørgvin bispedømeråd kan bruke forslaga som har kome inn, men står også fritt til å spørje andre dei ønskjer som kandidatar. Den 18. november skal rådet ha klar fem kandidatar.
Du kan lese om prosessen fram mot ny biskop her
Biskopen må vere teolog og medlem av Den norske kyrkja. På lista nedanfor står namn på kandidatar som er kvalifiserte i alfabetisk rekkefølgje. Dei vil bli spurde om dei er villige til å vere med vidare i prosessen fram mot ein eventuell nominasjon frå bispedømerådet.
Kandidatar foreslått som ny biskop i Bjørgvin
(Lista er basert på innkomne forslag og kan innehalda skrivefeil. Noverande stilling til dei som står på lista kan også ha endra seg.)
Fullstendig liste finn du også nedst på sida