Tips til heimepåske

Her har vi samla nokon bidrag til lista over meiningsfulle ting å finna på i påska 2021, særleg med tanke på barnefamiliane.

Vi har samla nokre tips til gode ting å finna på i påska. Foto: Jens Z. Meyer

Påsketradisjonar må ein jobba for å ta vare på. Kva påsketradisjonar har du og kva for nokre vil du gje vidare til neste generasjon?

Mange likar å gå i kyrkja i løpet av påska. I år er det ingen gudstenester eller konsertar å gå på, men det er likevel ting å finna på:

  • Mange kyrkjer i heile bispedømet har laga påskevandringsløyper i og rundt den lokale kyrkja. Du finn info om dette på heimesida til din lokale kyrkjelyd.
  • Kyrkjene er nokon stader opne for alle, du kan gå der åleine eller saman med familien for å tenna lys og be ei bøn. For ein del kyrkjer gjeld dette i tida kring vanleg gudstenestetid i påska.
  • Mange kyrkjer har lagt ut sine tilbod for born og familiar via sine facebook-sider og heimesider.
    Det vil vere nokre konsertar og gudstenester på nett gjennom heile påska. 
  • IKO, som gir ut bøker og liknande, tek oss med tett på påskefortellinga på ein ny og spennande måte. Utforsk påskeforteljinga med å gå tilbake i tida, lær om romartal og mykje meir på denne sida.
  • På kyrkja.no finn du ein påskequiz der du kan delta på kahoot samaen med mange frå heile landet.
  • Gode tips til heimepåske med barn

Påska er ikkje avlyst- tvert om - den er open og står like klart med sin bodskap om Jesu veg frå liding til oppstode!

Tipsa kjem frå Anine Vieth Mildestvedt, menighetspedagog, prosjektansvarleg for ungdom 15-18 år i Bjørgvin bispedøme.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"