Nordahl Brun-prisen til Asbjørn Gjengedal

Asbjørn Gjengedal er vinnar av Johan Nordahl Brun-prisen 2020. Han har i tillegg til å vera prest i meir enn 50 år, utført eit stort arbeid i norsk samfunnsliv. Han har vore leiar i Norges KFUK-KFUM og hatt mange tillitsverv i NMS. Lokalt er han ei drivkraft i mange ulike samanhengar.

Asbjørn Gjengedal saman med biskop Halvor Nordhaug som delte ut Johan Nordahl Brun-prisen 2020. Foto: Vetle Karlsen Eide.

Han fekk utdelt prisen av biskop Halvor Nordhaug i samband med gudstenesta i Vereide kyrkje 21. juni der det også var vigsling av diakon Ingebjørg Isane Fure. Prisvinnaren var ikkje kjent med at han skulle få prisen før den vart delt ut. 

Biskopen sin tale ved overrekkelsen av Johan Nordahl Brun-prisen til Asbjørn Gjengedal.

Johan Nordahl Brun

Kvart år deler biskopen i Bjørgvin ut Johan Nordahl Brun-prisen. I år kom det inn fleire gode forslag til kandidatar, og vinnaren kjem altså frå Gloppen.
Prisvinnaren får ein flott diplom, og dessutan 20.000 kr som ikkje er til eigebruk, men som skal gjevast vidare til eit godt føremål som prisvinnaren sjølv vel.

Prisen er altså kalla opp etter den namngjetne diktaren og kyrkjemannen Johan Nordahl Brun, som mellom anna var prest i Korskirken i Bergen og seinare biskop i Bjørgvin frå 1804 til 1816.

Johan Nordahl Brun skreiv både dikt, skodespel og bøker, men er mest kjent for songane sine. I Bergen kjenner alle til Nystemten: «Jeg tok min nystemte citar i hende». Utover landet er det mange som har høyrt songen «For Norge kjempers fødeland, vi denne skål vil tømme». Og i kyrkja syng vi i påska den flotte salmen: «Jesus lever graven brast».

I tillegg til sitt virke som diktar var han ivrig engasjert i samfunnsdebatten, særleg i kampen for nasjonalt sjølvstende som førte fram til hendingane i 1814.

Med full rett kan Johan Nordahl Brun karakteriserast som ein brubyggjar mellom kyrkje og samfunn. Difor heiter det også i vedtektene til prisen som er oppkalla etter han at «Johan Nordahl Brun-prisen skal etter sitt formål gjevast til personar eller institusjonar som har virka som brubyggjarar mellom kyrkja og resten av samfunnet».

Prisvinnaren

Prisvinnaren for 2020 vart nominert til prisen av Hyen sokneråd i januar i år. Ein samla jury var samd med soknerådet si vurdering om at denne personen fylte krava med god margin.

Om prisvinnaren er det mykje godt å seie, men her får eg berre nemne eit lite utdrag:

Han har gjort teneste som prest i meir enn 50 år og i tillegg til prestetenesta har han utført eit stort arbeid i norsk samfunnsliv.

Han har vore aktiv i politikk, i kommunestyre og kommunale utval. Han har heile livet vore engasjert i det friviljuge kristne arbeidet, særleg gjennom det han har gjort i viktige verv og på grunnplanet i to organisasjonar, Det norske Misjonsselskap og Norges KFUK/KFUM.

Prisvinnaren har vore aktiv med i leiinga av NMS i Sogn og Fjordane, regionsstyret og på landsbasis, og ein aktiv inspirator for misjonsforeiningane i Gloppen. Då tanken om at også Nordfjord skulle etablere bruktbutikk for NMS, bidrog han sterkt til dette med sine gode talegåver, samarbeidsevner, nådegåva til å motivere og sans for god organisering og evne til fysisk arbeidsinnsats.

Prisvinnaren vaks opp i nærkontakt med Nesholmen leirstad, som er eigd av Sogn og Fjordane krins av Noregs KFUK/KFUM, og han har heile livet vore ei støtte og ei eldsjel for arbeidet der. Det gjeld dugnadsarbeid, leirarbeid og teneste som bibeltimehaldar m.m. Ei tid var han også leiar i styret for Nesholmen leirstad.

Prisvinnaren har i høg grad sett spor også nasjonalt i Norges KFUK/KFUM, og særleg dei åra han var generalsekretær frå 1982 til 1987.

På lokalplanet har han vore ei drivande kraft i ungdomsarbeidet og konfirmantarbeidet i «ein mannsalder». Her kan vi særskilt nemne Ope Hus i Sandane kyrkje der han har vore primus motor langt opp i pensjonsalder.

Prisvinnaren har òg vore aktiv i Vereide kyrkjekor og har organisert songstunder på Lyngtunet på Gloppen Omsorgssenter. Anna kvar veke organiserer han Misjonsstunder på omsorgssenteret.

Om prisvinnaren er det elles å seie at han har skrive fleire bøker, og at han er ein person som det er lett å møte og god å samarbeide med. Han lyttar og er interessert i menneske, har gode empatiske evner og er ein typisk diplomat og ein god fellesskapsfremjar. Han kommuniserer godt med alle aldersgrupper. Med glede og engasjement forkynner han Jesus som verda sin frelsar. Han har stor respekt i alle samfunnslag.

Det er derfor ei stor glede for meg å be årets prisvinnar om å komme fram, og de har for lengst gjetta at prisvinnaren er Asbjørn Gjengedal.


Halvor Nordhaug
Biskop i Bjørgvin

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"