Vi er med på krafttaket

Åsane kyrkjelyd er med! Lygra og Fridalen er med! Det same er kyrkjelydane i Ervik og Leikanger. Og fleire har sagt at dei er med på årets solidaritetsaksjon «Krafttak for misjon – Saman som kyrkje i heile verda».

Din kyrkjelyd kan òg vere med på denne landsdekkande aksjonen.  På denne måten kan vi stå saman med den verdsvide kyrkja og kampen for dei som er ramma av corona-pandemien.

Aksjonen går frå 1. pinsedag til St. Hans. Kvar kyrkjelyd er oppmoda om å bidra med f.eks. kr. 5.000,- til organisasjonane som utgjer SMM (Samarbeid Menighet og Misjon). Dette er organisasjonane vi samarbeidar med: Det Norske Misjonsselskap, Normisjon, Den Norske Israelsmisjon, Misjonsalliansen, Stefanusalliansen, Areopagos og HimalPartner.  Dei samarbeidar med lokale kyrkjelyder og organisasjonar for «desse mine minste».

Midlane kan anten bli gitt som:

  • ekstraordinær gåve frå soknerådet
  • som eit ekstra offer
  • som misjonsløp
  • sal av blomar
  • planteloppemarked
  • strikkeselskap
  • opprette innsamlingsaksjon på Facebook
  • eller andre måter

Gjer det mogleg for din kyrkjelyd å seie: «Vi er med»! La oss stå saman med den verdsvide kyrkje og dei som lid!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"