Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Populært studieopplegg

Tidlegare sokneprest Bjørn Nygaard har laga to ressurshefte om trusopplæring for vaksne - Tid for tru. Nokre år etter utgjeving, er dei framleis populære.

Nygaard har skrive to hefte i serien "Tid for tru" som er eit samarbeid med Bjørgvin bispedøme; eit hefte om truvedkjenninga og eit om Filipparbrevet. Dette er studieopplegg til bruk i undervisning, og hefta er først og fremst retta mot dei som skal leia undervisninga. Det er også laga lysark (PowerPoint) som kan brukast i undervisninga.

Det kjem tidvis inn signal om at desse studieopplegga blir nytta rundt om i bispedømet og andre stader i landet også.

– Det er av stor verdi å samlast og å få undervisning om bibelske tema i ei ramme utanom gudstenesta, og der mat og samtale også har sin naturlege plass, seier Sverre Johan Nærheim. Han er ansvarleg for å følgja opp trusopplæring for vaksne i bispedømet og deler gjerne ei av dei gode tilbakemeldingane ein har fått på "Tid for tru":
"Opplegget har vore lærerikt og gitt ny innsikt i Filipparbrevet og at bibeltekstane er relevante for oss i dag. Både erfarne kristne og nyare kristne har fått mykje ut av opplegget. Gjennomgangen gav oss ny innsikt og hjalp oss til å forstå bibeltekstane betre."

Nede på denne sida finn du lenke til dei to studieopplegga som også er godkjente av www.k-stud.no, og som ein difor kan søkja studiestøtte for.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"