Biskopen på turné til alle prostia

Hausten 2022 besøkjer biskop Halvor Nordhaug alle prostia i Bjørgvin. Tema er: Guds menighet er jordens største under – Refleksjonar etter 13 år med kyrkja i Bjørgvin. Det blir samling for tilsette på dagtid og sokneråd og frivillige på kveldstid. Denne veka går turen til Hardanger og Voss, Sogn og Nordfjord.

Haustens turné blir for mange siste høve til å møta Halvor Nordhaug som biskop i Bjørgvin. Han har med seg stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit og fleire andre når han kjem rundt til kvart prosti. Her møter han dei tilsette i domprostiet.

Program

Biskopen vil dele erfaringar og refleksjonar. Programmet vil ha eit innehald som løfter det viktige arbeidet som frivillige og tilsette står i. Sjølv om ein del av programmet vil bli prega av at dette er avskjed med Halvor, så er det inspirasjonen på vegen vidare biskopen vil løfte fram.

Hovudmal for samlingane er møte med alle dei tilsette i prostiet på dagtid frå kl. 11.30 til kl. 15.30 og ei samling for dei folkevalde og frivillige på kvelden frå kl. 18.00 til kl. 21.00.

Dagtid: Det vert enkel lunsj frå kl. 11.30 til kl. 12.15, og litt kaffimat klokka 14.30. Alle tilsette er inviterte, kyrkjeverja melder på sine tilsette til prosten.

Kveldstid: Vi startar med gudsteneste klokka 18 og det blir enkel kveldsmat rundt klokka 20. Sokneråda melder på sine medlemer til prosten.

Frist for påmelding: Ei veke før samlinga, sjå datoplan under.

Turné

  • Bergen domprosti: 27.09.22 - Føremiddag: Domkirken.  Kveld: Nygård kirke
  • Bergensdalen: 28.09.22 - Sælen kirke
  • Åsane: 29.09.22 - Åsane kirke
  • Hardanger og Voss: 04.10.22 - Norheimsund kyrkje
  • Sogn: 05.10.22 - Føremiddag: Quality Hotel Sogndal. Kveld. Stedje kyrkje og Quality Hotel.
  • Nordfjord: 06.10.22 - Føremiddag: Eid kyrkjetun. Kveld: Nordfjord hotell
  • Nordhordland: 25.10.22 -  Føremiddag: Fjon kyrkje. Kveld: Knarvik kyrkje.
  • Sunnfjord 27.10.22 - Føremiddag: Førde kyrkjetun. Kveld: Førde kyrkje.
  • Vesthordland: 01.11.22 - Foldnes kyrkje
  • Fana: 02.11.22 - Fana menighetshus
  • Sunnhordland 03.11.22 - Prostidag på Stord

 

Avskilsgudsteneste i Bergen

Halvor Nordhaug sluttar som biskop 1. desember 2022. Avskilsgudstenesta blir 20. november i Bergen domkyrkje klokka 11.00. Denne gudstenesta er open for alle.

I samband med denne gudstenesta blir det ein lunsj med inviterte gjester frå bispedømet og nasjonalt. Mellom anna bispedømerådet, alle fellesrådsleiarar og representantar frå ulike organisasjonar og samfunnsinstitusjonar.

Det betyr at avskilsmarkeringa med dei fleste blir i samband med prostisamlingane.

Ny biskop

Ny biskop i Bjørgvin blir tilsett i Kyrkjerådet sitt møte 10. - 11. februar 2023. Vigslingsgudstenesta blir 16. april 2023 i Bergen, med Hans Majestet Kongen til stades (med atterhald).

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"