Godkjenning av kyrkjekunst, interiør, inventar, tekstilar og utstyr

Når ein vil skaffa noko nytt eller ta ut av bruk noko gamalt av kyrkja sitt inventar og utstyr, skal dette godkjennast av biskopen, jfr. Kirkeordning for Den norske kirke § 20 og 23. Sjå også Forskrift om regler om liturgisk inventar og utstyr. Nedanfor følgjer søknadsprosedyrene, litt råd om kunst og tekstilar i kyrkjene og om vedlikehald av dette.

Det meste i eit kyrkjerom krev godkjenning ved endring, anten det er møblementet, tekstilar eller kunst. Jostedal kyrkje, foto: Luster kyrkjekontor

Det er ofte soknerådet som ser til at kyrkja og det som er i den er i god stand og tek initiativ ovanfor fellesrådet når det er ynskjeleg å gjere endringar. Fellesrådet må gjere formelle vedtak og søkje om godkjenning når ein ynskjer å gjere endringar på inventar eller kyrkjebygg, eller skaffe ny kyrkjekunst, interiør, tekstilar og liknande til kyrkja. Også kunst/interiør som soknet får i gåve, må godkjennast av biskopen før dei vert tekne i bruk i kyrkja.

Med utgangspunkt i vedtak i sokneråd, skal fellesrådet utforma ein søknad der forslaget er fyldig skildra. Bilete av kyrkjerommet og teikningar er gode hjelpemiddel.

Søknaden skal biskopen, men med kopi til soknepresten og prosten, slik at desse får høve til å gje sine kommentarar. Ein sender altså søknadane parallelt til biskop og sokneprest/prost. 

Bruk helst denne malen for søknad

Søknaden kjem til bispedømekontoret. Rådgjevaren vurderer om saka må leggast fram for eksterne konsulentar, kyrkjekonsulenten eller Riksantikvaren før den vert handsama.

Når tiltaket gjeld eit automatisk freda kulturminne, sender bispedømekontoret søknaden til Riksantikvaren for vedtak etter kulturminnelova. I tillegg gjer biskopen vedtak etter kyrkjelova. Gjeld det listeførte kyrkjer, skal Riksantikvaren ha høve til å vurdere og uttale seg i saka, før biskopen fattar vedtak.

Vedtak vert fatta av biskopen og sendt til fellesrådet med kopi til prosten.

Endringane vert gjennomført og tiltaket registrert i kyrkjebyggdatabasen og i invenboka til kyrkja.

Innreiing, utsmykking og liturgiske klede i kyrkjene er soknet sitt ansvar og engasjement. Kyrkja sin historiske bodskap vert forkynt i vår tid. Den som skapar kunst for kyrkja har same ansvar - tradisjon i møte med eiga tid.

Ta kontakt med oss i ein tidlig fase med tanke på utsmykking, tekstilar og endringar i di kyrkje.

Me vil på en konstruktiv måte stå til disposisjon for sokna, kunstnarar og arkitektar i ein tidleg fase av prosessen med å skaffe noko nytt, endring eller nybygg. Fagrådet har vid kompetanse innan kunst, teologi og kunsthistorie.

KUNST OG TEKSTILAR:

Messehakel Erdal kyrkje. Formgjevar Ingrid AarsethI kyrkjene våre vert bodskapen forkynt på ulike måtar, kyrkjekunsten gjer det på sitt vis, den skal på same måte som liturgien, kyrkjemusikken og preika vere med på å bygge opp om særpreget i den liturgiske perioden. Kunsten skal arbeide for å få fram det synlege i det usynlege.

Kyrkjetekstilane står òg i forhold til funksjonane dei har i rommet, ein messehakel har til dømes ei anna liturgisk oppgåve enn eit lesepultklede. Me må difor nytte biletspråket vårt slik at symbola både passar til den liturgiske fargen og til den tenesta som akkurat denne kyrkjetekstilen skal ha. Det er viktig å ta i tanken kva som er det spesielle med desse stadane i kyrkja. Kyrkja sitt særpreg, spesielt alterpartiet er òg med på å sette sentrale premiss for utforminga av inventar og utstyr.

Biskopen skal godkjenne "anskaffelse og avhendelse av inventar og utstyr", jamfør § 18 i Kyrkjelova.

Krav til søknad (døme: Messehagel)

For at biskopen skal kunne godkjenne søknader om nye tekstilar i ei kyrkje, bør følgjande informasjon finnast:

  1. Skisse av heile tekstilen, for- og bakside, med plassering av dekor i storleik, f.eks. 1:5. Dette vil også gi ei skildring av storleiken på t.d. messehagelen.
  2. Ein materialprøve i tenkt utført teknikk. (F.eks. ein mindre del i full storleik.)
  3. Prøver av stoff som skal brukast i messehagelen.

Tekst og foto som viser kva val ein har teke, slik at det er lett å bedømme, f.eks. ved val av stadeigne motiv som finst i kyrkja.

Dette er eit arbeid kunstneren/tilvirkeren også må gjere under sjølve arbeidet med å produsere messehagelen.

Me tilrår Kyrkjerådet sin fyldige informasjon om kyrkjetekstilar og liturgisk drakt: www.kirken.no/kirketekstiler. Her finn du òg forslag til kontrakt mellom produsent og oppdragsgivar ved utsmykkingsforslag i kyrkjer og meir informasjon om godkjenning av kyrkjelege tekstilar (sjå også lenker nedst på denne sida).

Antependium, preikestolklede, klede på lesepulten, messehakel og stola

Kristne symbol nyttast ofte på kyrkjetekstilar. Kyrkjerådet sitt oversyn over symbol til bruk på stola kan òg overførast til andre tekstilar i kyrkjerommet. Sjå vedlegg "Liturgiske klær i den norske kirke" under lenkjer.

Alterdukar

Utforming av alterduk må stå i nær samanheng med antependium og altertavle. Ei bord kan godt ha kristne symbol, bilete for Kristus og nattverda er særlig aktuelle. (Se gjerne informasjonen om antependium ovanfor.) På alteret står det kalk og disk, det er difor ikkje "naudsynt" å bruke dette som ein del av borda på duken. Ein dekorativ vinranke eller noen kornaks kan til dømes vere godt eigna langs kanten. Den latinske krossen er det sterkaste kristne symbolet me har, dette treng "rom" rundt seg og er ikkje så godt eigna som bord. Variantar av dei likearma krossa, det greske og andreaskrossen til dømes, kan derimot fungere fint både åleine, i samansetningar og ornamentalt. Forslag til ny alterduk må godkjennast av biskopen, sjå eige punkt.

Tips: Det er praktisk med ein enkel overduk på sjølve bordflata; det blir lett flekker frå vin og stearin.

VEDLIKEHALD:

Vedlikehald, istandsetjing og oppbevaring

Riksantikvaren har utarbeida fleire informasjonsblad om vedlikehald og oppbevaring av inventar og utstyr, inkludert kyrkjetekstilar, sjå lenkjer.

Arkeologisk museum i Stavanger har også kompetanse på kunst og kyrkjeinventar.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"