Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Det starta på Selja i kring 1068

Når og kvifor vart det oppretta eit bispesete på Selja?

Førsteamanuensis Alf Tore Hommedal  ved Universitetsmuseet i Bergen fortel:

Det var Olav Kyrre som på 1000-talet oppretta dei første bispeseta i Noreg: Eitt vestnorsk (Gulatingsområdet) med bispesete på Selja og eitt trøndsk /nordnorsk (Frostatingsområdet) med bispesete i Nidaros. Litt seinare kom det til eit austnorsk (Borga- og Eidsivatingsområdet) med bispesete i Oslo. Det må ha vore viktig å få knytt helgenane frå Selja til det vestnorske bispedømet, slik St. Olav og St. Hallvard vart knytt til sine respektive bispedøme. Dette må vera hovudgrunnen til at den vestnorske biskopen sitt sete vart lagt til Selja.

Vi veit ikkje nøyaktig når det vestnorske bispedømet vart oppretta, anna enn at det i følgje sagaen skal ha skjedd i kong Olav si styringstid (1067-93). Etter at Harald Hardråde i 1066 fall i England (slaget ved Stamford Bridge) overvintra sonen Olav på Orknøyane før han i 1067 vende heim og vart teken til konge på dei ulike landsdelstinga. Først etter denne prosessen kunne kong Olav ta til med det organisatoriske arbeidet som ei etablering av bispedømer var. Dessutan drog Bjarnhard, som skulle bli den første vestnorske biskopen, på sendeferd til Roma for kong Olav før han overtok bispedømet. Ei slik reise tok også tid. Dermed er 1068 det første av dei tenkjelege grunnleggingsåra, sjølv om alle år fram til 1093 teoretisk sett kan vera like rette. Likevel er det mest sannsynleg at kongen har sett i gang arbeidet relativt tidleg i styringstida si.

Det er nok slik det også vart argumentert for 50 år sidan, då 900-årsjubileet skulle feirast. Då vart bispedøme-jubileet lagt til 1968 for å skilja det frå Bergens 900-årsjubileum feira i 1970, sjølv om grunnleggingsåret for Bergen by er like usikkert som for bispedømet. No ved 950-årsjubilea er det ingen grunn til å endra på tidspunkta, sjølv om ein kan vera merksam på at det som blir feira meir er minnet om prosessen enn sjølve årstalet.

Alt Olav Kyrre synest også å ha tenkt Bergen som bispesete, kanskje parallelt med Selja. I følgje sagaen fullførte Kongen ei provisorisk domkyrkje i Bergen (Vesle Kristkyrkja), og frå slutten av 1000-talet av synest den vestnorske biskopen å ha teke fast sete i Bergen. Olav Kyrre byrja der dessutan oppføringa av ei anna og større domkyrkje (Store Kristkyrkja). Denne katedralen kom på 11- og 1200-talet til å bli norsk kroningskyrkje og kongeleg bryllaups- og gravkyrkje. I 1170 vart relikviane av St. Sunniva henta frå Selja og skrinsett over høgaltaret i denne katedralen (Sunniva-relikviane sin translasjon). Difor kan Bergen i 2020 ikkje berre markera 950-årsjubileet for Bergen by, men også 850-årsjubileet for overføringa (translasjonen) av St. Sunniva-relikviane til Bergen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"