Sunniva - Bjørgvins kyrkjemor

«Sunniva er ei påminning om kvinnene sin sentrale plass i kyrkja. Vi har ikkje berre kyrkjefedre, men også kyrkjemødre. Sunniva er Bjørgvins kyrkjemor.» (Prostiprest Sigurd Vengen)

Sunniva. © Per Bækken

Sunnivahola er "livmora som fødde kyrkja i Noreg» (pilegrimsprest Arne Bakken) og slik staden der kyrkja i Noreg fekk liv. Sunnivahelleren har også vore karakterisert som «det ældste kirkehvælv som vi har tilbake her i landet.» (Sigrid Undset)

Det er mange som har arbeidd med og lete seg inspirere av St Sunniva.

Nedst på denne sida kan du finne meir informasjon om den spesielle kvinna på fleire nettsider som vi har lagt ut lenkjer til . 

Sunniva-hymnen

Sunniva-hymnen Eterna Christi munera for Sunniva og Seljahelgenane blei truleg skriven i Bergen på 1200-talet, og skulle syngjast under vesperen på afta for festdagen 8. juli. Ei eldre hymne med same namn blei også brukt på denne festdagen, og det er sannsynleg at den nyskrivne teksten frå 1200-talet skulle syngjast til den tradisjonelle hymnemelodien. Dermed kan me også i dag framføre hymna skriven til ære for Sunniva og Seljahelgenane, sjølv om musikken til resten av den lokalskrivne liturgien for 8. juli er tapt.  For notar, tekst og lydfil, sjå lenkjer nedst på sida.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"