– Fellesskap for unge og diakoni er hovudsatsingsområda

Bygge fellesskap for unge og auka satsing på diakoni. Dette er hovudsatsingsområda for Møre bispedøme dei næraste åra, og verkemiddela i satsinga er rekruttering, kulturbispedøme og digital kyrkje.

 – Folkekyrkja skal romme alle - i mange forskjellige rom, seier nyleg attvald leiar av Møre bispedømeråd, Ann-Kristin Sørvik.

Møre bispedømeråd er no halvvegs i valperioden, ein periode som har vore sterkt prega av korona og konsekvensane pandemien har gitt for kyrkjelydane i bispedømet:

– Vi har stått framfor den svært uvanlege situasjonen at kyrkjer har stått i fare for å måtte stenge mellombels og at gudstenester og andre kyrkjelege handlingar og samlingar er blitt avlyste, flytta eller endra. Dette har vore enormt krevjande for kyrkjelydane. Men samstundes har det også skapt nytenking, ikkje minst innanfor digital kyrkje, der det er tatt i bruk mange nye måtar å nå ut til kyrkjemedlemmene på. Det er gjort ein formidabel innsats av tilsette og frivillige for å få dette til, seier Sørvik.

Ho er likevel betenkt over at dei digitale satsingane ikkje i særleg grad har nådd dei unge:
– Unge har høg digital kompetanse, men kanskje er trua og tilhøyrsle til kyrkja knytte til andre ting enn berre kommunikasjon over nettet? Vi må tenkje fleire tankar samtidig, tenkje fleire måtar å nå ungdom på. Kanskje må vi tenkje endå meir diakoni; møtestadar, inkludering og tilhøyrsle. Ungdomsrådet i Møre bispedøme må spele ei sentral rolle her, og bispedømerådet er oppteken av å lytte til ungdommen, seier bispedømerådsleiaren.

 

Vekke og nære

Sørvik understrekar at kyrkja si fremste oppgåve og store privilegium er å få forkynne evangeliet til menneske gjennom heile livet, og viser til kyrkjeordninga, der det heiter at «Bispedømmerådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i menighetene».

– Møre bispedømeråd og Møre biskop si felles målsetting er derfor å medverke til at Den norske kyrkja i Møre framleis skal vere ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje. Vi vil vere ei nærverande folkekyrkje som gjev tilhøyrsle og medverkar til å bygge eit godt samfunn for alle. Vi vil særleg leggje vekt på at kyrkjelydane med tilsette og tillitsvalde vert sette i stand til å gjere gudstenesta til samlingsstad for heile kyrkjelyden og å byggje fellesskap prega av kristen omsorg og nestekjærleik.

– Dette med samlingsstadar har altså tidvis vore krevjande gjennom dei to siste åra, men vi håper vi no snart kan sjå fram mot lysare tider, seier ho.

 

Store endringar

Kyrkja står dei næraste åra framfor viktige avgjerder knytte til endringar i organisasjon: Ei utgreiing om framtidig kyrkjeleg organisering ligg føre, og denne er breitt presentert mellom tilsette i kyrkja og i kyrkjelydane sine valde organ. Bispedømerådet har gitt sin høyringsuttale til kyrkjerådet, og saka skal endeleg avgjerast under kyrkjemøtet i september 2022.

– Vi må ha klart for oss at «statskyrkja» ikkje eksisterer lenger, og vi treng både som organisasjon og som enkeltmedlemmer å bli medvitne om samfunnsrolla som eit trussamfunn, men med folkekyrkjeperspektivet sentralt. Då må vi finne ut korleis denne organisasjonen skal fungere, til beste for alle tilsette og for alle medlemmer og vi er takksam for at kyrkjeleg tilsette deltek konstruktivt i denne store samtalen.

 

Rekruttering

– Rekruttering til kyrkjelege stillingar er ei vedvarande utfordring for Møre bispedømeråd. Gjennom dei to siste åra har vi greidd å tilsette i dei fleste ledige stillingar, men det er få søkjarar. Vi må både erkjenne årsaksbildet bak situasjonen og vere offensive og nytenkjande i rekrutteringsarbeidet. Å rekruttere nok tilsette medarbeidarar til kyrkja handlar om å være nær der folk bur. På same tid må vi ta godt vare på alle våre frivillige rundt om i kyrkjelydane. Frivillige er kyrkja sin største ressurs, og vi treng heile tida å rekruttere nye.

 

Tilskot til kyrkjelydane

– Gjennom det siste året har det vore gledeleg å kunne dele ut kring 2 millionar ekstra i støtte til ulike tiltak i kyrkjelydane, gjennom OVF-midlar og Vekstmidlar. Dette kjem i tillegg til dei årlege tilskota til undervisning og diakoni. På denne måten har vi kunne støtte ei rekkje tiltak knytte til m.a. gudstenesteliv, diakonale satsingar, trusopplæring, kyrkjemusikalsk verksemd og andre kulturtiltak i kyrkjene, rekrutteringstiltak og stabstiltak.

 

Satsingar

Kyrkjemøtet 2021 vedtok Kyrkjeleg strategi 2022-2029. Der er hovudstolpane Kyrkja for den enkelte, Kyrkja som organisasjon og Kyrkja i samfunnet. Innanfor alle desse områda er hovudoverskriftene: Kyrkja opnar rom for tru, Kyrkja er der livet vert levd og Kyrkja er meir for fleire.
Desse hovudformuleringane gir retning for det kyrkjelege arbeidet dei næraste sju åra, og Møre bispedøme legg denne felleskyrkjelege strategien til grunn når vi no skal utvikle vår eigen strategi for dei næraste sju åra. Dette blir ei viktig oppgåve for bispedømerådet, og vi må spele på lag med kyrkjelydane, seier bispedømerådsleiar Sørvik.

I Årsplanen for 2022 har bispedømerådet valt desse gjennomgåande satsingsområda:

Bygge fellesskap for unge og Diakoni. Nokre av fokusområda knytt til desse satsingane er Kunst og kultur, Digital kyrkje og Kyrkje i det fleirkulturelle Noreg.

I bispedømerådet ser vi kva for ein stor og viktig forvaltar og formidlar av kulturarv og kulturuttrykk kyrkja er, med kyrkjebygg, salmar og kyrkjemusikk som berebjelkar. Vidareutvikling av Møre bispedøme som kulturbispedøme er derfor ei satsing som kan ha gjennomgåande verknader for alle fokusområda.

– Årsplan og strategiplan legg grunnen for ambisiøse satsingar og vi treng å arbeide godt saman med dei lokale kyrkjelydane for å oppnå resultat, seier Sørvik.  

Ho ønskjer tilsette og frivillige i Den norske kyrkja i Møre god jul og godt nyttår – og ser fram til eit nytt og spennande arbeidsår 2022.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"