Kyrkja gjer seg klar til konfirmasjonar denne hausten

Kyrkjelydane i Møre bispedøme gler seg til å feire bispedømet sine konfirmantar denne hausten, sjølv om det vil bli ein annleis festdag enn vi er vante med. I Sunndal kyrkjelyd legg dei til rette for uvanleg mange konfirmasjonsgudstenester ; smittevernkrava fører til 11 konfirmasjonar.

Kyrkja gjer seg klar til konfirmasjonar denne hausten

Ulike lokale ordningar

Over heile landet gjer kyrkjene seg klare til feiring etter gjeldande smittevernreglar. Fleire konfirmantar planlegg også eit selskap med sin familie, der fleire kjem tilreisande frå andre stader i landet. Det er svært viktig at vi alle overheld smittevernreglane og minner kvarandre om å halde avstand og ikkje samle for mange på ein gong.

Kyrkjene i Sunndal har skrive eit brev til sin kommuneoverlege korleis dei har tenkt å avvikle konfirmasjonsgudsteneste på best mogeleg måte med omsyn til gjeldande smittevernreglar. Smittevernplanen vart godkjent, og kvar konfirmant kan ta med seg 20 gjestar i kyrkja.

Her kan du lese meir om Sunndal si løysing.

Smittevernreglar er på plass

I følgje Den norske kyrkja sin smittevernvegleiiar og ressursnotat om konfirmasjonsgudstenester, skal alle deltakarar som ikkje høyrer til same husstand halde minst éin meter avstand.

- Kyrkja vil leggje til rette for at så mange som mogeleg kan delta. Mange stader blir det difor halde fleire gudstenester enn vanleg. Det gjer vi for at dei som ikkje bur saman kan halde avstand til kvarandre, seier direktør i Kyrkjerådet Ingrid Vad Nilsen.

- Dei vanlege smittevernråda gjeld også i kyrkja: Hald deg heime om du er sjuk, hald 1-metersregelen og hugs god handhygiene.

Konfirmasjonsgudstenestene blir planlagte av kyrkja lokalt og ut ifrå dei smittevernreglane som gjeld i kommunen.

Nasjonale smittevernreglar for kyrkja

Konfirmasjonsgudstenester kan skje i tråd med Den norske kyrkja sin smittevernvegleiiar og ressursnotat om konfirmasjonsgudstenester. Det inneber at kyrkjene ikkje blir fylt opp:

  • Maksimalt 200 personar kan delta, føresett at alle som ikkje bur saman kan halde minimum 1 meter avstand skulder til skulder. Makstalet i den enkelte kyrkje vil difor variere.
  • Der kommunen av smittevernomsyn har strengare reglar om samlingar og tal, overstyrer dette.

Smittevernet ved konfirmasjonsgudsteneste byggjer på dei same fem hovudprinsippa som for andre gudstenester og kyrkjelege handlingar:

  • Sjuke personar skal ikkje delta på fysiske samlingar.
  • Gode rutiner for hygiene, handvask og reinhald.
  • Minst mogeleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  • God avstand mellom alle som deltek.
  • Tilstrekkeleg bemanning til stades.

Last ned Smittevernveileder for Den norske kirke

Last ned Ressursnotat for konfirmasjonsgudstjenester

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"