Blir pensjonist etter 37 års presteteneste

Per Eilert Orten har blitt pensjonist etter heile 37 års presteteneste i Aure.

Takk: Biskop Ingeborg Midttømme takkar Per Eilert Orten for 37 års trufast teneste som prest i Aure. (foto: Svein Magne Harnes)

Per Eilert Orten har blitt pensjonist etter heile 37 års presteteneste i Aure. Dette vart markert 29.05 med avskjedsgudsteneste i Aure kyrkje og stor markering i etterkant. 

Sundag 29.mai var det avskjedsgudsteneste for sokneprest Per Eilert Orten i Aure. Orten har vore prest i kyrkjelydane Aure, Stemshaug og seinare Tustna i 37 år.  Det blei ei verdig og høgtideleg gudsteneste for Orten, som i over ein generasjon har vore sokneprest i Aure.

"– Jeg har hatt en stor, givende og viktig jobb som sokneprest i Aure. Den har gitt meg så mange positive og fine opplevelser. Folk som jeg har møtt på forskjellige arenaer har gitt meg så uendelig mye", sa Orten til Tidens Krav etter at gudstenesta var over.

Til stades under gudstenesta var ordførar og kommunedirektør, kollegaer frå prostiet, og fleire hundre deltakarar.  Etter gudstenesta var det stor kyrkjekaffi på Bergtun Grendahus, og det var mange som ville kome med helsingar til pensjonisten.  Orten har også vore prestane sin representant i bispedømerådet i fleire periodar. 

Møre bispedøme er takksam for den store tenesta Orten har gjort for kyrkja i Møre. Vi ønskjer lykke til som pensjonist i Aure!

Kollegaer tar farvel: Erik Blomstrøm (øvst frå venstre), Lars-Ove Skaret, Gerd Aarset (nedst frå venstre), Per Eilert Orten og prost Sindre Stabell Kulø. Bilete: Tormod Sikkeland

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"