Ellen Schiøtt ordinert til sokneprest i Vike- og Tresfjord sokn

Gjennom handspålegging og bøn vart Ellen Schiøtt søndag 21. juni ordinert til sokneprest i Vike- og Tresfjord sokn.

ORDINASJON: Søndag 21. juni vart Ellen Schiøtt ordinert til sokneprest i Vike- og Tresfjord sokn. Vigslinga gjekk føre seg i Molde domkirke, og det var biskop Ingeborg Midttømme som stod for ordinasjonshandlinga. Til stades under ordinasjonen, frå venstre: Prost i Indre Romsdal prosti, Erling Nevland; leiar for Vike- og Tresfjord sokneråd, ellen Andreassen; medliturg Heidi Elnes i Molde domkirke menighet, ordinanden Ellen Schiøtt; Andrew Donald Wergeland fra MF; medliturg Frode Rabbevåg i Møre bispedømmeråd; biskop Ingeborg Midttømme, leiar for Vestnes kyrkjelege fellesråd, Emil Balstad; medliturg Turid Nyland; sokneprest Grete Lystad Johnsen; domkantor Magnus Moksnes Myhre; domprost Olav Gading. Foto: Lars Skagestad

 Vigslinga gjekk føre seg i Molde domkirke, og det var biskop Ingeborg Midttømme som stod for ordinasjonshandlinga. Deltakarar under ordinasjonen var m.a. prosten i Indre Romsdal, Erling Nevland; domprost Olav Gading, lokalkyrkjelege tilsette og leiarar i dei lokale sokna.

Ved prestevigsel gir ordinanden eit løfte, der ho lovar å forkynne Guds ord i følgje Bibelen og kyrkja si vedkjenning, forvalte sakramenta etter Jesu Kristi innstifting og kyrkja si ordning, formane kyrkjelyden til omvending, tru og heilaggjering, samt sjølv å leve etter Guds ord.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"